Hopp til innhold

Holmenkollbakken

Holmenkollbakken, hoppbakke i Oslo og ein av dei mest kjende bakkane i verda. Det har vore arrangert hopprenn i Holmenkollen sidan 1892, og bakkerekorden den gongen var 21,5 meter. Det har vore arrangert VM i bakken i 1930, OL i 1952, VM i 1966 og VM i 1982. Bakken er bygd om 18 gonger, og etter ombygginga mellom 2008 og 2010 ligg starthuset om lag 64 meter over bakken. Bakkerekorden er (per 1. september 2017) 141 meter for menn (Andreas Kofler, 2011), og 137,5 meter for kvinner (Sara Takanashi, Japan, 2016).

Den siste ombygginga av bakken, til ski-VM i 2011, fekk ein kostnadssprekk på rundt 4400 prosent – frå eit første overslag på 40 millionar kroner til ei totalramme på 1800 millionar. Skimuseet ligger ved sida av hoppbakken.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019