Hopp til innhold
X
Innhald

Holmenkollstafetten

Holmenkollstafetten, den største stafetten i verda. Han blir arrangert i mai av idrettsklubben Tjalve. Første gong var i 1923, men han blei ikkje arrangert i 1937, i 1940–45 og 1971. I 1975 fekk kvinner lov til å delta for første gong. Løypa har vore lagd om ei rekkje gonger, og i dag har ho 15 etappar med start både på St. Hanshaugen og på Bislett. Ho går til Besserud og tilbake til Bislett via Frognerparken. Den totale lengda er på om lag 18 500 meter. Deltakarrekorden på 3454 lag er frå 2015.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019