Hopp til innhold
X
Innhald

Hundekøyring

Hundekøyring, kappkøyring med ein pulk eller slede som er trekt av éin eller fleire hundar.

I nordisk stil nyttar ein pulk og føraren går på ski. Ein kan ha med seg einspann eller fleirspann. I Nome-stil brukar ein slede og frå to til meir enn femten hundar. Føraren står eller sit på sleden.

Kjende løp er mellom andre Seppalaløpet, som går over to dagar, Finnmarksløpet, som går over fleire dagar og Iditarod, det lengste løpet i verda, som går mellom Anchorage og Nome i Alaska (om lag 1700 kilometer).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019