Hopp til innhold
X
Innhald

Icing

Icing, i ishockey ei nemning på slag frå eiga forsvarssone forbi mållinja til motstandaren. Dette fører til at pucken blir trekt tilbake til sona han blei spela frå, og droppa (sett i spel) der. Ein spelar frå kvart lag vil vidare konkurrere om å få kontroll over pucken etter at han blir sett i spel att. Regelen gjeld ikkje for eit lag som har éin eller fleire spelarar utvist.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019