Hopp til innhold
X
Innhald

Iditarod

Iditarod, det mest prestisjefylte hundeløpet i verda.

Det blir køyrt kvart år mellom Anchorage og Nome i Alaska. Ruta varierer mellom ei nordleg (ca. 1667 km) og ei sørleg (ca. 1819 km) løype annakvart år. Iditarod har vore arrangert sidan 1973 og hadde berre vinnarar frå USA før nordmannen Robert Sørlie (med leiarhunden Tipp) vann i 2003. Den raskaste tida er i underkant av 9 døgn.

Iditarod blir køyrt til minne om hundekøyrarane som frakta serum til innesnødde Nome under difteriepidemien i 1925. Dei to norske hundekøyrarane Leonhard Seppala (1877–1967) og Gunnar Kaasen tok dei lengste og hardaste etappane gjennom full storm og iskulde. Ein statue av Balto, leiarhunden til Kaasen, står i Central Park i New York. 

Iditarod er indiansk for «stad langt borte».


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019