Hopp til innhold
X
Innhald

Isdans

Isdans, konkurranseidrett på skøyter som er meir danseprega enn kunstløp. Det blir lagt vekt på rytme og danseutfalding. Til skilnad frå andre kunstløpsformer er sprang og løft stort sett ikkje tillate. I konkurransar skal utøvarane delta i dei tre deløvingane obligatorisk dans, originaldans og fridans. Det har vore arrangert VM i isdans sidan 1952, og det blei OL-grein i 1976.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019