Hopp til innhold
X
Innhald

Ishockey

Ishockey, spel mellom to lag på isbane. Spelarane går på skøyter og brukar køller som er maksimalt 163 cm lange, til å føre eller slå ein sylinderforma hardgummipuck som har diameter på 7,62 cm, tjukn på 2,54 cm og vekt på ca. 160 gram. Spelarane har hanskar, hjelm og anna verneutstyr. Bana er internasjonalt ca. 30 × 60 meter stor. Målbura på kortsidene er 183 cm breie og 122 cm høge.

Ein spelar i tre omgangar à effektive 20 minutt, og kvart lag kan omfatte 20 utespelarar og 2 målvakter, men berr 5 utespelarar og 1 målvakt er på bana samtidig. Ishockey oppstod i Canada i 1880-åra. Det har vore OL-grein sidan 1920, og for kvinner sidan 1998. Dessutan har det vore arrangert VM sidan 1930 (for kvinner sidan 1989) og NM frå 1935 (for kvinner sidan 1990).

Norges Ishockeyforbund blei stifta i 1934 og har om lag 14 200 medlemmer (2014). Forbundet arrangerer seriespel, noregsmeisterskap for senior og yngre årsklassar, kretsturneringar og forbundscupar for yngre årsklassar. I tillegg organiserer forbundet landslaga for kvinner og menn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019