Hopp til innhold
X
Innhald

Kortbaneløp

Kortbaneløp, skøyteløp av nordamerikansk opphav med fellesstart. Det er vanlegvis fire til seks utøvarar i kvart heat, og ein nyttar utslagsmetoden.

Bana er om lag 111 meter lang og har fire svært krappe svingar. Ein går 500, 1000, 1500 og 3000 meter. I stafettar, der ein har fire løparar på kvart lag, avgjer laget sjølv kor mange rundar den enkelte skal gå om gongen. I motsetnad til hurtigløp på skøyter går ikkje utøvarane i merkte baner. 

Idretten er mest utbreidd i Nord-Amerika, Aust-Asia og Australia. Kortbaneløp har vore OL-grein sidan 1992 og VM-grein sidan 1981.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019