Hopp til innhold
X
Innhald

Biljard

Biljard er eit spel der ein støyter kuler med ein stokk langs eit spesielt bord.

Biljard blir spela med kuler (ballar) på eit biljardbord av skifer eller marmor trekt med grønt klede. Bordet er utan hol (karambolbiljard), eller det har eitt hol i kvart hjørne og eitt på kvar langside (karolinebiljard). Kulene støyter ein med ein spiss stokk (kø) med tupp av elfenbein og lêr. Ei kule (køballen) blir støytt slik at ho treffer dei andre (karambolasje), eller slik at ho støyter ei eller fleire andre kuler ned i hola.

Speleformene er blant anna karambole, der det blir spela med tre kuler. Ein skal slå sin køball innom tre vant (vegger på bordet) og treffe dei to andre kulene i éin støyt for å få poeng. Pool blir spela med éin køball og 15 farga kuler som skal støytast i hola etter forskjellige system og rekkjefølgjer. I snooker blir det spela med éin køball, 15 raude og 6 farga kuler. Ein skal slå vekselvis ei raud og ei farga kule i hola og får eitt poeng for kvar raud og 2-7 poeng for dei farga kulene.

Biljard har hatt stor utbreiing heilt sidan 1600-talet. Norges Biljardforbund vart stifta i 1981 og vart teke opp som særforbund i Norges Idrettsforbund i 1996. Forbundet hadde 40 medlemsklubbar og om lag 5000 medlemer pr. 1. januar 2012.

Kjelder

Om Norges Biljardforbund, biljardforbundet.no: http://www.biljardforbundet.no/organisasjon/ [lesedato 20.11.2019]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020