Hopp til innhold
X
Innhald

Bingo

Bingo er eit sjansespel der tilfeldige siffer blir trekte, og deltakarane finn dei på bretta sine.

Bingo er eit spel som går ut på at deltakarane på bestemte kort har sifferkombinasjonar som etter kvart blir tilfeldig trekte og ropte opp av leiaren av spelet. Det fekk innpass i Noreg frå midten av 1960-åra og har fått stor utbreiing med bingohallar landet rundt. Frivillige organisasjonar med eit humanitært eller samfunnsnyttig føremål har også høve til å arrangere bingo, der overskotet går til organisasjonen.

Kjelder

Lotteri- og stiftelsestilsynet: «Bingo», lottstift.no, sist oppdatert 13.3.2019: https://lottstift.no/nb/lotteri-og-bingo/bingo/ [lesedato 20.11.2019]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020