Hopp til innhold
X
Innhald

Bridge

Bridge er eit kortspel for fire spelarar

Bridge [bridsj] er eit kortspel med vanleg kortstokk for fire spelarar, utvikla på slutten av 1800-talet på grunnlag av whist. Lenge vart det spela som auksjonsbridge, der spelarane baud over kvarandre for å få spelet og fekk godskrive alle trekk (stikk over 6). Frå 1926 vart det utvikla til kontraktbridge, der spelaren berre får godskrive dei trekka han har meldt (slutta kontrakt om). Ein spelar saman i par og er makker med den ein sit overfor (laga blir kalla nord-sør og vest-aust).

Det blir meldt etter prinsipp som særleg vart sette i system av Ely Culbertson, og som har gjort bridge til eit intelligensspel av høg klasse. Den som først melder fargen som vinn bodrunden, blir spelførar, medan makkeren blir blindemann, det vil seie han legg korta sine på bordet ope for alle. Vinnarfargen i bodrunden blir kalla trumf og kan difor trumfe dei andre fargane. Det blir spela etter ei rekkje forskjellige system og konvensjonar, som for eksempel Goren og Presisjonskløver. Målet er å vinne to utgangar, det vil seie skaffe seg hundre poeng eller meir to gonger. Ein får poeng avhengig av trumffargen og talet på stikk ein tek.

Norsk bridgeforbund vart stifta i 1932 og har om lag 350 klubbar og rundt 10 000 medlemer (per 2014).

Kjelder

Norsk bridgeforbund, bridge.no: http://bridge.no/ [lesedato 1.12.2019]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020