Hopp til innhold
X
Innhald

Dart

Dart er eit engelsk pilkastspel mot ei sirkelforma måltavle, med spesielle spelereglar. 

Darttavla er oppdelt i til saman 20 ulike sektorar med verdiar frå 1 til 20 poeng. I tillegg er det mogleg å få dobbel eller tredobbel poengsum ved å treffe to smale ringar på tavla. I midten finn ein Bull´s ring og Bull´s eye, som gjev høvesvis 25 og 50 poeng. I vanlege konkurransar med to personar eller lag startar ein på 501 poeng med mål om å nå nøyaktig 0 poeng først. Ein har tre kast per runde. Norges Dartsforbund vart etablert i 1982.

Kjelder

Norges Dartsforbund, darts.no: http://www.darts.no/ [lesedato 30.11.2019]

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020