Hopp til innhold
X
Innhald

Halma

Halma er eit brettspel for to eller fire.

Halma kjem av gresk og betyr «sprang». Det er eit brettspel som er kjent frå oldtida. To eller fire spelarar kappast om å få sett ned brikkene sine på dei hjørna som ligg overfor kvarandre. Spelet kan minne om kinasjakk. Ein spelar på brett med 16 x 16 felt, annakvart felt svart og kvitt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020