Hopp til innhold
X
Innhald

Nintendo

Nintendo er ein japansk spelprodusent.

Nintendo vart grunnlagt i 1889 for å produsere spelkort. Selskapet har hatt stor suksess med videospel som Donkey Kong, Super Mario, The Legend of Zelda og Pokémon. Gjennom konsollar som Game Boy, Wii og dagens Nintendo Switch har selskapet hatt stor suksess på video- og dataspelmarknaden. Selskapet har til saman selt over 710 millionar konsollar og over 4,5 milliardar video- og dataspel.

Kjelder

Nintendo: «About Nintendo», nintendo.co.uk: https://www.nintendo.co.uk/Corporate/Career/About-Nintendo/About-Nintendo-825979.html [lesedato 30.11.2019]

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020