Hopp til innhold
X
Innhald

Poker

Poker er eit kortspel for to–ti personar om pengeinnsats. 

Namnet poker kjem truleg av ty. pochen, bløffe. Ein vekslar inn ein viss pengesum i byte mot sjetongar. Det finst mange former for poker. I five-card-draw får spelarane fem kort kvar. I Texas hold´em får spelarane to kort, medan dei resterande blir lagde ope på bordet. Innsatsen vinn ein ved beste kortkombinasjon eller ved bløff. Etter tur kan spelarane velje om dei vil kaste korta sine, sjå innsatsen til spelaren før, eller leggje fleire sjetongar på bordet. Høgaste kombinasjon, royal straight flush, er dei fem høgaste korta i same farge; den lågaste er eitt par, to kort av same verdi. Ein er ute av spelet så snart ein er tom for sjetongar.

I Noreg er det (pr. 1.12.19) berre lovleg å spele poker om pengar i venelag (med innsats opp til 1000 kroner) og i samband med NM, då det blir rekna inn under lovgivinga om lotteri. Norsk pokerforbund vart oppretta i 2013 og hadde i overkant av 2000 betalande medlemer i 2018. 

Kjelder

Lotteri- og stiftelsestilsynet: «Poker i Norge», lottstift.no, sist oppdatert 25.5.2018: https://lottstift.no/nb/pengespel/poker-i-norge/ [lesedato 1.12.2019]

Norsk pokerforbund: «Om Norsk Pokerforbund», norskpokerforbund.no: https://ny.norskpokerforbund.no/about [lesedato 1.12.2019]

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020