Hopp til innhold
X
Innhald

Rulett

Rulett er eit hasardspel.

Ordet rulett kjem av fransk roulette, lite hjul. Det er eit hasardspel med eit spelebord som er inndelt i 36 felt, annakvart tal raudt og svart, og dessutan eit grønt tal 0, og felt med plass til innsats for raudt eller kvitt, like og ulike tal, talkombinasjonar av 3, 4, 6 eller 12 tal osv. 

Spelet føregår ved at ei kule blir spunnen rundt i eit ruletthjul med 37 fordjupingar (ei for kvart tal). Det talet som står der kula stoppar, har vunne. Gevinstar blir utbetalte avhengig av kva ein har spelt på, frå 36 gonger innsatsen for eit enkelt tal til to gonger innsatsen for rett farge.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020