Hopp til innhold
X
Innhald

Sjakk

Sjakk er eit brettspel som stammar frå India.

Sjakk (av persisk shah, konge) kom til Europa med arabarane før år 1000. Dei noverande reglane er frå 1400-talet. Det blir spela på eit kvadratisk brett med 64 ruter, skiftevis lyse og mørke. Kvar spelar har 16 brikker, høvesvis svarte og kvite. Åtte av dei blir kalla offiserar: ein konge, ei dronning, to springarar, to løparar og to tårn. Dei andre blir kalla bønder.

I regelen (bortsett frå ved rokade) flyttar spelarane éi brikke kvar gong. Dersom ei brikke blir flytta til ei rute der ein av motstandarens brikker står, er denne brikka slått og må fjernast. Brikkene kan slå på same måte som dei blir flytta, bortsett frå bøndene, som blir flytta rett fram, men slår på skrå. Hovudmålet med spelet er å stille motpartens konge matt, det vil seie slik at kongen er trua utan å kunne flytte. Spelet kan også ende uavgjort, remis.

I tillegg til den ordinære langsjakken blir det også konkurrert i greinene hurtigsjakk, lynsjakk og Fischer-sjakk. IBMs datamaskin Deep Blue sigra 11.5.1997 over verdsmeister Gary Kasparov. Det var første gong ein datamaskin vann over ein regjerande verdsmeister i sjakk.

Magnus Carlsen frå Tønsberg har vore verdsmeister i sjakk sidan 2013 og sette i mai 2014 ny rekord på den internasjonale FIDE-rangeringa med 2882 poeng. I 2014 arrangerte Tromsø Sjakk-OL, for første gong i Noreg.

Norges Sjakkforbund vart stifta i 1914 og har i dag om lag 125 klubbar og 4000 medlemer.

Kjelder

Om Norges Sjakkforbund, sjakk.no: http://www.sjakk.no/nsf/ [lesedato 1.12.2019]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 08.01.2020