Hopp til innhold
X
Innhald

Spelkort (kortstokk)

Spelkort er korta i ein kortstokk. 

Spelkort er kjent frå Kina ca. 600-900 og vart introdusert i Europa på 1300-talet. Den moderne, konvensjonelle kortstokken består av 52 kort i fire fargar (kløver, ruter, hjarter, spar), med 13 kort i kvar farge, tre av dei 13 biletkort. Korta er tohovda. Kortstokken har utvikla seg frå tarotkorta, som bestod av 22 kort, 21 nummererte og eitt biletkort, narren, som er forløparen til jokeren.

Korta var opphavleg måla på papir, men vart frå 1400-talet også trykte i tresnitt. Av kortspel med konvensjonelle kort kan nemnast l’hombre, whist, bridge, boston, canasta og poker. Spel med spesialkort er for eksempel gnav og svarteper.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020