Hopp til innhold
X
Innhald

Sudoku

Sudoku er eit plasseringsspel der ein set tal inn i eit rutenett.

Sudoku er opphavleg amerikansk, men vart spesielt populært i Japan på slutten av 1980-talet. Det har etter kvart gripe kraftig om seg i Vesten, særleg i aviser, tidsskrift og blad. Sudoku består av eit rutenett, oftast 9 x 9 ruter, underinndelt i 9 kvadrat med 3 x 3 ruter. Med 9 symbol, vanlegvis tala 1–9, og visse ruter førehandsutfylte, skal dei andre rutene fyllast ut slik at alle ruter blir ulike i kvar loddrett og vassrett rad i hovudkvadratet og i kvart enkelt av dei 9 underfelta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020