Faktaboks

cherokesisk
Språkkodar
chr (CHR)
ISO-639:3
chr
Sequoyah, Se-Quo-Yah

Sequoyah (ssigwoya, ᏍᏏᏉᏯ, ca. 1770–1843), mannen som skapte den cherokesiske skrifta.

Av /University of Washington.
Lisens: CC BY SA 3.0

Cherokesisk er eit språk i den sørirokesiske greina av den irokesiske språkfamilien. I folketeljinga i USA i 2000 blei det registrert 390 902 etniske cherokesarar. Om lag 22 500 av dei kan snakke cherokesisk – 14 000 i Oklahoma og 8 500 i Nord-Carolina.

Cherokesarane er organiserte i tre stammer, Cherokee Nation og United Kituwah Band of Cherokee Indians i Oklahoma og Eastern Band of Cherokee Indians i Nord-Carolina. Cherokesisk er offisielt språk, i tillegg til engelsk, hos stammene i Oklahoma. I område under cherokesisk jurisdiksjon finst det tolketeneste på sjukehus og i helsesenter for folk som ikkje kan engelsk. Stammene driv omfattande språkvitalisering. Språket blir nytta i administrasjon, skular, presse, radio og fjernsyn.

Cherokesisk skrift er tilgjengeleg på datamaskinar, lesebrett og smarttelefonar. Det finst òg ei blindeskriftutgåve av cherokesisk skrift.

Språket heiter jalagi (ᏣᎳᎩ) på vestcherokesisk og jaragi på austcherokesisk. Jaragi er opphavet til engelsk Cherokee og vårt cherokesisk. Dalígwa (ᏓᎵᏆ) er namnet på den vestcherokesiske hovudstaden – Tahlequah på engelsk. Delstatane der cherokesarane bur – Oklahoma og Nord-Carolina – heiter oogalahoóma (ᎣᎦᏔᎰᎹ) og uúhyvv́dlv́ gayaleeni (ᎤᏴᏢ ᎦᏯᎴᏂ).

Språkfamilie

Cherokesisk er det einaste språket i den sørirokesiske greina av den irokesiske språkfamilien, som òg har ei nordirokesisk grein. Levande nordirokesiske språk er seneca, cayuga, onondaga, oneida, mohawk og tuscarora.

Andre irokesiske språk enn cherokesisk og mohawk er sterkt truga.

Språkhistorie

Urirokesisk blei talt ved dei store sjøane. Rundt 1500 år fvt. utvandra nokre irokesarar til dei sørlege delane av Appalachane og tilgrensande område, og der oppstod cherokesisk. Cherokesarane budde i dette området fram til 1830-åra. Først på 1800-talet oppretta dei sin eigen stat, med ei grunnlov på cherokesisk og engelsk.

Cherokesarane tok raskt i bruk europeisk teknologi. Det blei funne gull på territoriet deira, og i 1838 tvinga president Andrew Jackson cherokesarane med militær makt til å flytte vestanfor Mississippi, til Indianarterritoriet (Indian Territory). Den dramatiske vintervandringa vestover, der om lag ein tredel av cherokesarane omkom, er kjend som Trail of Tears – tårevegen. Over femti amerikanske urfolk blei tvangsflytta til områda vestanfor Mississippi mellom 1830 og 1850.

Cherokesarane var relativt sjølvstyrte i Indianarterritoriet fram til delstaten Oklahoma blei oppretta i 1907. Kring 1100 cherokesarar gøymde seg bort i fjella i Nord-Carolina, og blei ikkje med vestover. Dei har i dag sitt eige reservat. Det har oppstått eit dialektskilje mellom vestcherokesisk i Oklahoma og austcherokesisk i Nord-Carolina.

Alfabetet

Då cherokesarane budde i Appalachane, laga Sequoyah den cherokesiske skrifta, som han lanserte i 1821. Skrifta blei raskt populær. Nær 90 prosent av cherokesarane hadde lært seg skrifta rundt 1830. I 1828 byrja dei å gi ut avisa Cherokee Phoenix / jalagi julehisanvhi (ᏣᎳᎩ ᏧᎴᎯᏌᏅᎯ), med artiklar på cherokesisk og engelsk, og trykt på eige trykkjeri. Cherokee Phoenix kjem framleis ut i Tahlequah i Oklahoma, der språket blir talt, og ein kan sjå skilt med cherokesisk skrift.

Den lærde cherokesaren David Brown brukte den nye skrifta i omsetjinga av Det nye testamentet frå gresk til cherokesisk i 1825.

Sjå eigen artikkel om cherokesisk skrift.

Språksystem

Cherokesiske substantiv som ikkje er avleidde frå andre ordklassar, kallar vi rotsubstantiv. Dei kan delast i menneskesubstantiv og tingsubstantiv (for ikkje-menneske). Menneskesubstantiv har eit personprefiks, til dømes a- (Ꭰ) ('ho/han'), som i ajalagi (ᎠᏣᎳᎩ) ('(ho/han) er cherokesar'). Jamfør òg jijalagi (ᏥᏣᎳᎩ) ('eg er cherokesar'). Tingsubstantiv manglar personprefiks, jamfør giihli (ᎩᏟ) ('hund(ar)') og jalagi (ᏣᎳᎩ) ('cherokesisk språk').

Menneskesubstantiva dannar eintal, total og fleirtal med eigne personprefiks – jamfør ageehyúúja (ᎠᎨᏳᏣ) ('(ho er) jente') og aniigeehyúúja (ᎠᏂᎨᏳᏣ) ('(dei er) jenter'). Tingsubstantiva er ubøyelege og får berre fram skiljet mellom ulike tal med prefiks på verbet.

Verbet i cherokesisk er komplekst. Mellom mykje anna har det prefiks som uttrykkjer både subjekt og objekt, som i setninga nedanfor, der verbet deegéehla har prefiksa dee- og g-. Prefikset dee- fortel at fleire er involverte i handlinga, eller at handlinga blir utført fleire gonger, medan g- fortel at subjektet er 3. person eintal, og at objektet er 3. person og levande (menneske eller dyr).

  • saasa deegéehla (ᏌᏌ ᏕᎨᏝ)
  • 'Ho/han matar gjæsene.'

Utan prefikset dee- får vi setninga saasa géehla (ᏌᏌ ᎨᏝ) ('Ho/han matar gåsa.')

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Margaret Bender: Signs of Cherokee Culture. Sequoyah's Syllabary in Eastern Cherokee Life. Chapel Hill & London 2002
  • Ellen Cushman: The Cherokee Syllabary. Writing the People's Perseverance. (American Indian Literature and Critical Studies Series, volume 56). Norman 2013
  • Ruth Bradley Holmes and Betty Sharp Smith: Beginning Cherokee, Second Edition. Norman 1978
  • Gloria Jahoda: The Trail of Tears. The Story of the American Indian Removals 1813–1855. New York 1975
  • Brad Montgomery-Anderson: Cherokee Reference Grammar. Norman 2015

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg