Faktaboks

erzia
Språkkodar
myv (MYV)
ISO-639:3
myv

Erzia er eit språk som er førstespråket til kring ein halv million menneske i dei nordlege, austlege og nordvestlege delane av republikken Mordovia i europeisk Russland og i tilgrensande område i Volga-bassenget (Nizjnij Novgorod, Tsjuvasjia, Penza, Samara, Sarativ, Orenburg, Ulianovsk, Tatarstan og Basjkortostan). Det høyrer til den mordvinske greina av dei finsk-ugriske språka i den uralske språkfamilien.

Erzia er offisielt språk i republikken Mordovia, saman med moksja og russisk. Moksja (250 000 talarar) og erzia blir ofte rekna som to dialektar av eit mordvinsk språk, men erziaene og moksjaene godtek ikkje at språka deira blir slått i hop under namnet mordvinsk (russisk мордовская язык, mordovskaja jazyk), eller at dei blir slått i hop som eit mordvinsk folk.

Språket erzia heiter эрзянь кель erzian' kel' på erzia, ein person som høyrer til folkegruppa, heiter эрзя erzja, og genitiven эрзянь erzian' blir brukt i tydinga 'erziansk'. Republikken Mordovia heiter Мордовия Республикась Mordovija Respublikas'. Hovudstaden i Mordovia, som har det russiske namnet Саранск Saransk, heiter Саран ош Saran oš på erzia.

Språkfamilie

Erzia utgjer saman med moksja ei mordvinsk grein av dei finsk-ugriske språka, som saman med dei samojediske språka utgjer den uralske språkfamilien.

Denne tabellen viser noko av likskapen mellom erzia, finsk, nordsamisk og sørsamisk, illustrert med to erzia-ord som finst andre stader i denne artikkelen:

tyding erzia finsk nordsamisk sørsamisk
'språk' кель kel' kieli giella gïele
'hus, hytte' кудо kudo kota goahti gåetie

Språkhistorie

Den gotiske historikaren Jordanes nemner folket mordens i år 551, i samband med at den gotiske kongen Ermanaricus la dei under seg. Mordens var truleg mordvinarane, ei samnemning for erziaer og moksjaer. Truleg går det språklege skiljet mellom erzia og moksja attende til 700-talet. På 1200-talet var dei under mongolsk styre. Dei mordvinske landområda blei lagde under Russland i 1552, og dei høgare sosiale laga tok etter russisk språk og russiske skikkar. Det nye testamentet blei utgitt på erzia i 1821. På 1700-talet blei dei mordvinske språka skrivne med det latinske alfabetet, men midt på 1800-talet gjekk dei over til det kyrilliske. Det blei utvikla eit erzia-skriftspråk i 1922.

Språksystem

Som andre finsk-ugriske språk har erzia eit rikt bøyingssystem. Substantiv blir bøygde i elleve kasus, i eintal og fleirtal og i ubunden og bunden form, og har i tillegg eigedomssuffiks, jamfør kudo кудо '(eit) hus', kudos кудось 'huset', kudot кудот '(fleire) hus', kudotne кудотне 'husa', kudostont' кудостонть 'frå huset', kudom кудом 'huset mitt', kudoston кудостон 'frå huset mitt' / 'frå husa mine'.

Verba har ei omfattande bøying, og endingar uttrykkjer både subjektet og objektet: palasamak паласамак 'du kyssar meg', palatan палатан 'eg kyssar deg'.

Lånord i norsk

Det finst truleg ikkje nokon lånord i norsk frå erzia, men språket har eit ord som liknar sterkt på eit norsk ord – og truleg er det ikkje tilfeldig. 'Rev' heiter rives' ривесь på erzia, og det kjem av urfinsk-ugrisk *repäś. Det er òg reflektert i ungarsk ravasz 'slu', som på gamal-ungarsk òg tydde 'rev'. Den urnordiske forma *rebaʀ 'rev', som har gitt norrønt refr og moderne norsk rev, kan vere eit lån frå finsk-ugrisk. Former som svarer til norsk rev, finst berre i nordgermansk, ikkje i dei vestgermanske språka, som har eit heilt anna ord for 'rev' – jamfør tysk Fuchs, nedertysk Voss, nederlandsk vos og engelsk fox.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg