Faktaboks

færøysk
Språkkodar
fo, fao (FO, FAO)
ISO-639:3
fao

Færøysk er eit språk som høyrer til dei nordgermanske språka i den indoeuropeiske språkfamilien. Saman med norsk og islandsk utgjer færøysk den vestnordiske språkgruppa, til forskjell frå den austnordiske med dansk og svensk. Færøysk, norsk og islandsk har norrønt som felles opphavsspråk.

Utbreiing

Færøysk er morsmål for innbyggjarane på Færøyane og er offisielt språk ved sida av dansk. Ifølgje heimestyrelova av 1948 er færøysk hovudspråket.

Språklege særtrekk

Færøysk kan på fleire måtar seiast å stå på eit mellomtrinn mellom sørvestnorsk og islandsk. Det har eit nokså rikt bøyingssystem: Substantiv, adjektiv og pronomen blir bøygde i fire kasus, men i talemålet er genitiv, som i norske dialektar, vanlegvis blitt erstatta av preposisjonskonstruksjonar. I verbalbøyinga har konjunktiv nesten forsvunne.

Lydsystemet har gått gjennom endringar som delvis har parallellar i norsk og islandsk. Slik har v falle bort framfor r i framlyd, til dømes rangur (norsk: (v)rang). Etter vokal har trykksterk ll blitt til dl: fjall, 'fjell', uttalt som [fjadl]. Etter gammal diftong har nn blitt til dn: seinni, 'seinare', uttalt som [saidni]. Så har rn blitt til dn i til dømes barn, som blir uttalt [badn].

Den ustemte, dentale spiranten þ er i framlyd blitt til t: norrønt þing, þat, 'ting, det', er på færøysk ting, tað. Delvis har þ i framlyd også blitt til h: norrønt þórsdagr og þessi, 'torsdag, denne', er på færøysk hósdagur og hesin. Teiknet ð, som i norrønt stod for stemt, dental spirant, blir også no brukt i skrift, men lyden som teiknet representerte, har anten falle bort, som i vaða, 'vada', og tíð, 'tid', som blir uttalt [væa] og [tui], eller han har blitt til noko anna. Norrønt hv blir framleis skrive slik, men blir uttalt [kv], som i store delar av norsk og islandsk: Hvítur, 'kvit', blir uttalt [kvuitur].

Karakteristisk for færøysk er den utprega «skjerpinga» av vokalsamanstøytar: Norrønt eyjar, 'øyar', og róa, 'å ro', har blitt til færøysk oyggjar, uttalt som [åddʒar], og rógva, uttalt som [rægva].

Dei norrøne diftongane au, ei, ey er oppretthaldne, men au blir skrive ey og uttalt som [æi], og norrønt ey blir skrive oy og uttalt som [åi]. Den norrøne diftongen ei blir uttalt som [ai] (men i nord og aust [åi]): reyður, 'raud', bein, 'bein', og loysa, 'lause', uttalt som [ræijur], [bain] og [låisa].

Dei gamle lange vokalane á, ó, ú, æ, é, í er meir eller mindre diftongerte. Norrønt blár, 'blå', blóð, hús, lêr, 'lår', tré og lík har blitt til færøysk bláur, blóð, hús, lêr, træ (lang e og æ har falle saman) og lík, som blir uttalt [blåavur], [blåu], [hyus], [læar], [træa] og [luik]. Som i islandsk og i enkelte norske dialektar har kort og lang y falle saman med i: fyrr, 'før', og lýsa, 'lyse', blir uttalt [firr] og [luisa].

Andre trekk som minner om islandsk, er forlenginga av rotvokalen i ord som sjálvur og fólk, og svarabhaktivokalen u framfor r, til dømes i fótur og tekur (presens av taka).

Språkhistorie

Færøysk har utvikla seg frå dei sørvestnorske dialektane som nybyggjarane i vikingtida tok med seg frå Noreg. Språket er i dag oppdelt i fleire dialektar med store skilnader sett i forhold til storleiken på språkområdet.

Dei eldste færøyske skriftlege kjeldene er to runeinnskrifter frå høvesvis cirka 1000 og cirka 1200. Me finn også færøyske målmerke i ulike juridiske dokument frå mellomalderen som gjeld Færøyane. Det eldste av desse dokumenta er Seyðabrævið ('Sauebrevet'), som blei gjeve av hertug Håkon i 1298 som ei særskilt rettarbot for Færøyane. Teksten har færøyske målmerke og er bevart i to handskrifter frå 1300-talet.

Som i Noreg blei dansk administrasjonsspråk på Færøyane frå slutten av mellomalderen, og først mot slutten av 1700-talet byrja ein å skriva ned nyare færøysk språk. Jens Christian Svabos oppteikningar av færøyske folkeviser var viktige bidrag til skriftfesting av færøysk, og med folkevisene blei grunnen lagd for litterær bruk av færøysk språk.

Frå 1840-åra la prost Venceslaus U. Hammershaimb grunnlaget for å forma ut eit felles færøysk skriftspråk med grunnlag i dialektane, med norrønt og særleg nyare islandsk som førebilete. Hammershaimbs språknormal er med små forandringar den som framleis gjeld.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hagström, Björn: «Det färöiska språket.» Schröder, Hasse, red.: Färöarna. mer än fåglar. 1993. 70–75.
  • Lehmann, Eigil: Færøysk-norsk ordbok. 1987.
  • Sandqvist, Carin: Studier över meningsbyggnaden i färöiskt skriftspråk. 1980.

Kommentarar (3)

skreiv Trond Tynnøl

Hei! Eg er ingen færøyskekspert, men transkripsjonane i denne artikkelen verker unøyaktige, litt inkonsekvente og dels heilt galne.

tíð vert vel ikkje uttala [tía], men heller [tʰʊiː], eller enklare [tui], slik som i [kvuitur]. I [kvuitur] er det brukt [u] for IPA [u], men reyður vert transkribert [ræijor] med [o] for den same lyden. Ein kan så klart velja ein transkripsjon som ligg nærare norsk enn IPA, men det burde vore konsekvent i så fall.

Beste helsing Trond Tynnøl

svarte Børge Nordbø

Hei! Det har du rett i! Transkripsjonane har overlevd alle revisjonar sidan papirleksikonet og treng gjennomgang. Eg har retta tíð, som er heil gale, som du seier, og skal ta ein gjennomgang av dei andre også. Tusen takk!
Beste helsing Børge Nordbø

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg