Faktaboks

haitisk
Språkkodar
ht, hat (HT, HAT)
ISO-639:3
hat

Haitisk er eit kreolspråk der ordtilfanget i første rekkje kjem frå fransk. Haitisk blir talt av dei fleste innbyggjarane i Haiti og nærmare ein million andre stader, først og fremst i andre karibiske statar, USA, Canada og Frankrike. Over 90 prosent av haitiarane kan berre snakke haitisk.

Sidan 1987 har både haitisk og fransk vore offisielle språk i Haiti. Haitisk blir i dag nytta stadig meir i skular, aviser, kringkasting og administrasjon, men har framleis lågare status enn fransk.

Staten Haiti heiter Ayiti på haitisk, og hovudstaden, Port-au-Prince, heiter Pòtoprens. Språket heiter ayisyen 'haitisk' eller kreyòl ayisyen 'haitisk kreol'. Ein innbyggjar i staten Haiti er ein Ayisyen 'haitiar'.

Språkfamilie

Haitisk er eit kreolspråk der ordtilfanget i første rekkje kjem frå fransk, med mindre innslag av ord frå afrikanske språk, kastiljansk, engelsk og taíno, det prekolumbianske urfolkspråket på Haiti og andre karibiske øyar.

Språkhistorie

På 1600-talet var dei delane av øya Hispaniola som no utgjer staten Haiti, tilhaldsstad for franske sjørøvarar. Dei henta seg etter kvart koner frå Frankrike, slo seg til ro, tok til med plantasjedrift og importerte slavar frå Afrika. I 1697 blei området til den fransken kolonien St. Domingue. Det franskbaserte kreolspråket som utvikla seg i St. Domingue, har visse grammatiske drag sams med det engelskbaserte jamaikansk kreol.

St. Domingue blei sjølvstendig i 1804 under namnet Haïti, det gamle taíno-namnet på Hispaniola. Fransk var einaste offisielle språk fram til byrjinga av 1960-åra, då haitisk fekk status som nasjonalspråk. Grunnlova av 1987 gav haitisk status som offisielt språk i tillegg til fransk.

I 1940-åra blei det sett i gang arbeid med å lage ei rettskriving for haitisk. I 1980 kunne utdanningsdepartementet endeleg vedta ei offisiell rettskriving.

Språksystem

Ein stor del av ordtilfanget kjem frå fransk, så ved første augnekast liknar haitisk sterkt på fransk, men språka er ikkje innbyrdes forståelege, og grammatikken er svært ulik. Det haitiske verbet er ubøyeleg, og skilnader i tempus og aspekt blir uttrykte ved hjelp av partiklar framfor verbet. Har ikkje verbet partikkel framfor seg, er tydinga 'preteritum perfektiv' (avslutta handling i fortid). Her er nokre døme:

  • Li gade televizyon. 'Ho/han såg på fjernsyn.'
  • Li ap gade televizyon. 'Ho/han held på og ser på fjernsyn.'
  • Li te gade televizyon. 'Ho/han har sett på fjernsyn.'
  • Li pral gade televizyon. 'Ho/han skal sjå på fjernsyn.'

Uttale

Haitisk har sju orale vokalar, i [i], e [e], è [ɛ], a [a], ò [ɔ], o [o], ou [u], og fire nasale vokalar, en [ɛ̃], an [ã], on [õ], oun [ũ] – jamfør zaboka [zaboka] 'avokado' og oungan [ũɡã] 'voodoo-prest'.

Setninga mwen manje pen ak zaboka 'eg åt brød med avokado' blir uttalt [mwɛ̃ mãʒe pɛ̃ ak zaboka]. Haitisk ortografi skil seg sterkt frå den franske, med ein bokstav eller bokstavkombinasjon for kvart fonem og ingen «stumme» bokstavar.

Lånord i norsk

Det ser ikkje ut til at norsk har lånt nokon haitiske ord, men ordet nèg, som kjem av fransk nègre 'neger', fortener omtale. Vårt ord neger kjem via tysk frå det same franske ordet, som igjen er lånt frå spansk eller portugisisk negro 'svart'. Fransk nègre, tysk Neger og norsk neger har negative sidetydingar og blir oppfatta som nedsetjande. Det haitiske ordet nèg, derimot, er det vanlege haitiske ordet for 'mann'. Det haitiske ordet blan, som kjem av fransk blanc 'kvit', tyder rett og slett 'utlending', utan omsyn til hudfarge.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg