Faktaboks

katalansk
Uttale
katalˈansk
Språkkodar
ca, cat (CA, CAT)
ISO-639:3
cat
Ramón Llull

I mellomalderen var katalansk eit viktig skriftspråk i Europa, mykje takka vere forfattaren og filosofen Ramón Llull, som på 1200-tallet sørga for at katalansk ikkje bare vart eit litteraturspråk, men også eit språk for filosofiske og vitskapelege tekster.

Catalonia i Spania
Catalonia i Spania
Lisens: CC BY SA 3.0

Katalansk er eit språk som høyrer til blant dei romanske språka i den indoeuropeiske språkfamilien. Rundt 7 millionar menneske har katalansk som førstespråk, i Spania (6,5 millionar), Andorra (31 000), Frankrike (100 000) og Sardinia i Italia (20 000). Kring 5 millionar har det som andrespråk.

Katalansk er offisielt språk i Andorra, i AlgheroSardinia og i tre område i Spania: Catalonia, Valencia-regionen og Balearane.

Språket heiter català [kətəˈla] på katalansk. Dei områda der katalansk blir talt, heiter Andorra [ənˈdorə], l'Alguer [ləlˈɣe], Catalunya [kətəˈluɲə], País Valencià [pəˈiz βələnsiˈa] og Balears [bəleˈars].

Språkfamilie

Katalansk er eit romansk språk. Dei romanske språka høyrer til den italiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Dei romanske språka blir delte i kontinental romansk og sardisk. Kontinental romansk har to greiner, austromansk (rumensk/moldovisk) og italo-vestromansk. Italo-vestromansk deler vi i to, italo-dalmatisk og vestromansk. Vestromansk deler vi i ibero-romansk og gallo-romansk. Dei gallo-romanske språka er fransk, frankoprovençalsk, oksitansk og katalansk.

Språkhistorie

Den mallorkanske forfattaren, filosofen, poeten og teologen Ramón Llull (1233–1316) var den første store forfattaren som skreiv katalansk, og han blir kalla «den katalanske Dante». I mellomalderen var katalansk eit viktig skriftspråk i Europa, mykje takka vere Llull, som sørgde for at katalansk ikkje berre vart eit litteraturspråk, men også eit språk for filosofiske og vitskaplege tekstar.

Katalansk språkhistorie blir delt i tre periodar:

  • mellomalderen, fram til 1400-talet, då katalansk tok over dei funksjonane som latinen før hadde hatt
  • tidsrommet frå 1400-talet til slutten av 1800-talet, som blir kalla la Decadència [lǝ ðǝkǝˈðɛnsiǝ] 'nedgangen', då spansk (kastiljansk) fortrengde katalansk på mange bruksområde
  • tidsrommet frå slutten av 1800-talet, som blir kalla la Renaixença [lǝ rǝnǝˈʃɛnsǝ] 'atterfødinga' og fram til i dag, då skriftspråket blei normalisert og språket atter fekk status som offisielt språk

I perioden frå 1400-talet til byrjinga av 1800-talet var kastiljansk den dominerande språkforma i Spania, og bruken av katalansk vart motarbeidd og var i periodar forbodne i offisielle samanhengar.

Interessa for katalansk fekk ein renessanse under romantikken på 1800-talet (la Renaixença). I perioden fram mot den spanske borgarkrigen vart det gitt ut ordbøker, grammatikkar, romanar og skodespel på katalansk, og bruken av språket vart stadig meir utbreidde i ulike samanhengar i samfunnet. Eit banebrytande arbeid vart utført av lingvisten Pompeu Fabra (1868–1948), som bidrog til å normere det katalanske skriftspråket på slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet.

I 1931 fekk Catalonia status som autonom region, men etter Francisco Francos siger i borgarkrigen vart bruken av katalansk endå ein gong motarbeidd og tidvis forbode i offisielle samanhengar. I heile Franco-perioden frå 1939 til 1975 hadde det katalanske skriftspråket dårlege kår, og det var først etter Francos død at språket igjen fekk offisiell status i Catalonia.

I dag er eit fleirtal av innbyggjarane i Catalonia tospråklege i og med at dei snakkar og forstår både katalansk og kastiljansk. Det blir gitt ut aviser og vekeblad på katalansk, og det finst radio- og TV-kanalar der det berre blir brukt katalansk.

Språksystem

Katalansk har felles trekk både med dei ibero-romanske og dei gallo-romanske språka, og mange språkforskarar har hevda at katalansk har meir til felles med oksitansk enn med kastiljansk.

Til liks med oksitansk og fransk har katalansk ofte bortfall av vokal i slutten av ord, slik at orda sluttar på konsonant. Danninga av diftongane -ie- og -ue-, som er typiske for kastiljansk, finn me ikkje i katalansk:

Språk 'Sju' 'Bro'
Katalansk set pont
Fransk sept pont
Kastiljansk (spansk) siete puente

Ordtilfanget i katalansk samsvarer i større grad med oksitansk (og fransk) enn med kastiljansk:

Språk 'Blå' 'I morgen' 'Vindu' 'Spise'
Katalansk blau demà finestra menjar
Fransk bleu demain fenêtre manger
Kastiljansk (spansk) azul mañana ventana comer

Katalansk har ikkje nasale vokaler.

Nedanfor er det sett opp eit par setningar på katalansk, spansk (kastiljansk), fransk og norsk, som viser skilnader og likskapar mellom språka. I den eine setninga finn ein mellom anna verbet parlar [pəɾˈla] 'snakke' i 3. person fleirtal presens indikativ: parlen [ˈpaɾlən] '(dei) snakkar'. Dette verbet – som kjem av latin *parabolare, danna av substantivet parabole 'likning', 'parabel' – finst i liknande former i fransk, medan kastinljansk (spansk) har hablar 'snakke', som kjem av latin fabulari 'snakke', 'prate'.

  • Katalansk: La pronúncia catalana no és fàcil. [lə pɾuˈnunsiə kətəˈlanə no es ˈfasil]
  • Kastiljansk: La pronunciación catalana no es fácil.
  • Fransk: La prononciation du catalan n'est pas facile.
  • Norsk: 'Uttalen av katalansk er ikkje lett'.
  • Katalansk: Els catalans parlen molt ràpidament. [əls kətəˈlans ˈpaɾlən ˈmol rapiðəˈmen]
  • Spansk (kastiljansk): Los catalanes hablan muy rápido.
  • Fransk: Les Catalans parlent très rapidement.
  • Norsk: 'Katalanarane snakkar svært fort'.

Lånord

Substantivet brakke 'enkel trebygning brukt til mellombels innhysing' har vi lånt via tysk Baracke frå fransk baraque, men ordet kjem opphavleg frå katalansk barraca [bǝˈrakǝ] 'hytte', 'bu', 'lite hus'.

Frå 711 til 1492, då delar av Den iberiske halvøya hadde muslimsk styre, fekk katalansk og andre språk i området mange lånord frå arabisk. Frå desse språka spreidde orda seg til andre europeiske språk. Arabisk bāðinjān 'eggfrukt' – opphavleg av persisk bademjan 'eggfrukt' – kom inn i katalansk som albergínia [ǝlβǝrˈʒiniǝ], med den arabiske bundne artikkelen al-. Den katalanske forma blei lånt inn i fransk, der ho etter kvart blei til aubergine.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg