Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

1.4.1903 går Sogns Tidende i Lærdal over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1878. Siste nummeret kjem 17.1.1947, og Sogns Tidende held fram i avisa Sogn og Fjordane.

1.4.1908 går Hordaland på Voss over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1883.

1.4.1925 stiller regjeringa Mowinckel kabinettspørsmål då Stortinget drøftar målform på oppslag på jernbanestasjonar og om bord i toga. Opposisjonen vil overlate val av målform til dei aktuelle kommunane. Fire ulike framlegg kjem til votering, og alle fell (sjå 2.4.1919).

1.4.1969 kunngjer Henning Rivedal at den første Sportsrevyen i kvar månad no skal vere redigert på nynorsk. Ideen har kome frå Kjell Kristian Rike. Etter den innleiande annonseringa frå nynorskbrukaren Henning Rivedal kjem reportasjar på nynorsk av mellom andre Knut Bjørnsen, Knut Th. Gleditsch og Jon Herwig Carlsen. Den første sinte telefonen kjem etter eitt minutt, og det går mange dagar før det stilnar.

1.4.2004 sluttar Stortinget – alle partia utanom Framstegspartiet – seg til synspunkta frå regjeringa Bondevik i St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 om ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur fram mot 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013 (sjå 29.8.2003).

1.4.2006 tek Kirsti M. Thorheim til som forprosjektleiar for Jon Fosse-arkivet. Forprosjektet er finansiert av Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Nynorsk kultursentrum med tilskot frå Norsk kulturråd. Rapporten blir publisert i 2008.

1.4.2008 tek Jærmuseet over ansvaret for arbeidet med å utvikle eit nasjonalt Garborgsenter på Bryne. Senteret skal bli ei eiga avdeling i museet (12.10.2004, 6.11.2007, 10.3.2008, 16.4.2008, 13.5.2009, 10.12.2009, 11.12.2009, 16.6.2010).

1.4.2011 overleverer ei nemnd under leiing av Grete Riise ei samrøystes innstilling om ny rettskriving for nynorsk til styret i Språkrådet (sjå 13.9.2007, 16.12.2009, 20.1.2010, 20.5.2011 og 22.9.2011).

All verdas språk

1. april 1906 publiserer avisa Sagai Muittalægje «Sámi soga lávlla» (Samefolkets song) av lærar og kyrkjesongar Isak Saba frå Nesseby.

I åra 1906–12 er han den første samiske representanten i Stortinget. I 1906 får han 56 prosent av røystene i sin valkrins, men i ei tid prega av fornorsking fører arbeidet hans for ei samisk språk- og kulturreising til at han ikkje blir attvald i 1912.

Songen hans er omsett til alle samiske språk. Jacob Børretzen omset songen til bokmål i 1967, og i 1974 publiserer Syn og Segn Jon Eldar Eldejords omsetjing til nynorsk. Fram til 1960 blir melodien til «Bársnjárgga soga lávlla» (samisk folketone) brukt.

I 1961 komponerer Arne Sørli frå Tromsø, då lektor i Karasjok, den melodien som seinare er blitt brukt.

Den 13. internasjonale samekonferansen i Årø 13.–15. august 1986 vedtok at dette skal vere den felles offisielle samesongen. Den 17. internasjonale samekonferansen i Helsinki 15.–17. juni 1992 godkjenner Arne Sørlies melodi som den offisielle melodien.

Sist oppdatert: 07.02.2017