Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


10.4.1861 blir målmannen Andreas Bergeson Vamraak fødd i Høyanger.
 
10.4.1881 blir språkforskaren Jakob Sverdrup fødd i Leikanger.
 
10.4.1920 blir Jakob Aano fødd i Sauda. Han er stortingsrepresentant (KrF) 1965–85.
 
10.4.1949 blir journalist Ingolf Håkon Teigene fødd på Hareid.
 

All verdas språk

 
10. april 1606 blir London Company skipa i London. Føremålet er å etablere engelsk busetjing i Nord-Amerika.
Tre skip med 144 mann om bord legg frå land i desember 1606, og 26. april 1607 får dei landkjenning i Chesapeake Bay på nordaustkysten. Den 14. mai 1607 etablerer immigrantane under leiing av kaptein Edward Maria Wingfield busetjinga James Fort, i dag Jamestown, eit stykke opp i Chesapeake River, no James River. Fleire følgjer etter, og staden blir hovudstad i den engelske kolonien fram til 1699. Jamestown er den første permanente engelskspråklege busetjinga i det som i dag er USA, og med dette blir engelsk etablert som språk på det amerikanske kontinentet.
Den 5. september 1780 skriv ambassadør John Adams i eit brev: «English is destined to be in the next and succeeding centuries more generally the language of the world than Latin was in the last or Franch in the present age.” Seinare blir Adams president i USA, men no er han den første ambassadøren for den nye nasjonen USA i Europa. Han meistrar berre ikkje diplomatspråket fransk.
I det same brevet går Adams inn for å skipe The Amarican Academy «for refining, correcting, improving and ascertaining the English tongue». Dette blir det aldri noko av.
Kring 1880 er USA blitt den største engelskspråklege nasjonen. I 1898 blir den tyske keisaren Otto von Bismarck spurd kva han meiner er det viktigaste enkeltfaktoren i moderne politisk historie. At Nord-Amerika talar engelsk, svarar Bismarck. Få år før, i 1891, har professor James Morgan Hart ved Cornell University i New York skrive: “The Cry all over the country is: Give us more English! Do not let our young men and women grow up in ignorance of their mother tongue!”
Sist oppdatert: 30.01.2014