Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

11.4.1727 giftar Christian Michelsen Paludan og Anna Magdalena Ramm seg i København. I eit visetrykk til bryllaupet er ei strofe på hallingdalsdialekt. Visa kan vere skriven av futen Iver Wiel (sjå 17.1.1777).  

11.4.1932 kjem første nummeret av Sunnmøre Tidend ut i Ålesund med Ola Rotevatn som redaktør. Avisa er eit framhald av Det nye Møre Tidend. Siste nummeret kjem 11.9.1940.

11.4.2016 vedtek Møre og Romsdal fylkesting med 25 mot 22 røyster at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråk i fylkeskommunen. Då fylkestinget hausten 2015 handsama økonomiplanen for fylkeskommunen, blei eit benkeframlegg om språknøytralitet oversendt til administrasjonen.

11.4.2019 vedtek formannskapet i Vinje kommune med seks røyster mot ei røyst å setje i gang arbeidet med Vinje-senteret. Prosjektet er lyst ut med anbodsfrist 10. mai, og ein reknar med at det vil ta om lag eit år å byggje Vinje-senteret (sjå 29.2.2016).

All verdas språk

11. april 1472 gir Johann Numeister og Evangelista Angelini da Trevi i Foligno ut den første trykte utgåva av Divina Commedia av diktaren og moralfilosofen Dante Alighieri i 300 eksemplar.

Handlinga er lagd til år 1300. Dante har skrive verket mellom 1308 og 1321 med den enkle tittelen Commedia. Adjektivet kjem til lenge etter at han var død i 1321. Noko originalmanuskript finst ikkje, derimot minst 800 avskrifter.

Det talte språket i Italia kallar Dante latium vulgare, folkelatin. Det som alt har utvikla seg til ulike språk, ser han altså på som variantar av latin, ikkje som eigne språk. I det området som i 1861 blir samla til Italia, held Sør-Italia lenge på eit gresk preg etter at Romarriket for siste gong blir delt i 395, medan ulike folkeslag og språk dominerer i nord. I mange hundre år er området såleis delt i sterke, sjølvstendige bystatar.

Dante forsvarar i fleire samanhengen bruken av folkespråk i staden for latin, og Commedia skriv han på eit språk han kallar italiensk, og som stort sett er Toscana-dialekten. Verket legg grunnlaget for at Toscana-dialekten med tida blir ramma for standard italiensk og blir ei grunnbok i italiensk litteratur. Dante er difor ofte blitt kalla far til det italienske språket, som i førstninga gjerne blir kalla lingua italiana. Truleg forstod mindre enn ti prosent av innbyggjarane i Italia den Toscana-dialekten som då er blitt riksspråket italiensk.

Det tek tid før språket blir standardisert i skrift. Den første grammatikken for italiensk er Regole grammaticali della volgar lingua av Giovanni Francesco Fortunio frå 1516. Italia feirar 1960 som tusenår-året for språk. Bakgrunnen for markeringa er Placito cassinese, eit juridisk dokument frå Benevento-provinsen anno 960 med tekst på vulgærlatin og i ei tidleg italiensk form. I dokumentet er ei vitneutsegn referert slik: «Sao ko kelle terre, per kelle fini que ki contene, trenta anni le possette parte sancti Benedicti.»

Sist oppdatert: 11.03.2020