Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

12.4.1916 kunngjer styret i Midthordlands Dampskibsselskab ordensreglar på landsmål.

12.4.2011 kunngjer Hordaland Teater at dei i samarbeid med Det Norske Teatret og Sogn og Fjordane Teater vil etablere Nynorskscenen i Bergen. Frå 2013 skal dei tre teatra samarbeide om teaterturnear. Jon Fosse er aktivt med i planlegginga og har gitt Hordaland Teater rett til å bruke namnet hans i profileringa av den nye scena.

All verdas språk

12. april 1961 blir den sovjetrussiske kosmonauten Jurij Gagarin det første mennesket som taler frå verdsrommet.

Jurij Gagarin på veg til oppskytinga 12.  april 1961. Kredit NASA (fritt til ikkje-kommersiell bruk).

Jurij Gagarin på veg til oppskytinga 12.  april 1961. Kredit NASA (fritt til ikkje-kommersiell bruk).

Seks minutt etter oppskytinga frå Bajkonur-losmodromen i Kasakhstan seier kosmonauten om bord i Vostok 1: «Eg kan sjå jorda.» Heile romferda varer i 1 time og 48 minutt. Seinare fortel Gagarin til Nikita Khrusjtsjov at han på veg ned att på jorda hadde nynna på den patriotiske songen «Fedrelandet lyttar, fedrelandet veit». Songen er skriven av Jevgenij Dolmatovskij, med melodi av Dimitri Sjostakovitsj.

I ettertid oppstår ein anekdote om at Gagarin under romferda skal ha sagt at «Eg ser ingen Gud her». Denne anekdoten er avkrefta. Derimot sa Nikita Khrusjtsjov i høve ein antireligionsaksjon på ein partikongress at «Gagarin flaug ut i verdsrommet, men såg ingen gud der».

Han som var det første mennesket i verdsrommet, døyr 27. mars 1968 i ei flyulykke, 34 år gamal.

Gagarin Jurij falle i det fr.jpg?w=600

Jurij Gagarin. Biletet er falle i det fri.

Sist oppdatert: 16.05.2018