Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


13.4.1816 prentar Rigstidende ein subskripsjonsinvitasjon for det nye tidsskriftet Saga, redigert av presten Johan Storm Munch og jernverkseigaren Jacob Aall, og utgitt av juristen Jens Chr. Bang. Tidsskriftet vil blant anna prente ”Sproggranskninger, sigtende til at udluge det fremmede Ukrud, som har qvalt Nordens herlige Tungemaal”. Gjennom ulike bidrag prøver tidsskriftet å tilføre levande norrøne ord frå daglegtalen til skriftspråket, framheve denne språktradisjonen og prove samanhengar mellom norske dialektar og det norrøne språket, og med dette fornorske det danske skriftspråket. Dette utløyser den første språkdebatten. Særleg vekkjer enkelte svenske ord sterke reaksjonar.
 
13.4.1973 går redaktør Per Håland i eit innlegg i Dag og Tid inn for at Stortinget vedtek «at t.d. halve pressestønaden skal gjevast til nynorsk, resten til bokmål» (sjå 19.1.1969, 5.8.1973, 18.4.2002, 19.1.2009, 19.2.2009).
 
13.4.2007 opnar fylkesmann Tora Aasland Rasmus Løland-markeringa 2007–2011 på Løland i Suldal.
 
13.4.2010 presenterer Bjørgvin bispedømme Konfirmant 2011. Dette heftet på 16 sider blir sendt til alle konfirmantane, og i år ligg heftet føre på både nynorsk og bokmål. Publikasjonen er laga i samarbeid mellom bispedømeråda, Kirkens Nødhjelp og Kyrkjerådet.

All verdas språk

13. april 2011 melder The Guardian at ayapaneco, som har vore brukt i Mexico i mange hundre år, star i fare for å gå ut av bruk.
Dei to siste som snakkar språket flytande, skal bu i landsbyen Ayapa sør i delstaten Tabasco. Manuel Segovia, 75, og Isidro Velazquez, 69, bur berre 500 meter frå kvarandre, men dei er ikkje på talefot og snakkar difor ikkje med kvarandre. Personar avisa har snakka med, meiner at dei to aldri har kome godt ut av det med kvarandre.
Dei to kallar sjølve språket nuumte oote, som på ayapaneco tyder den verkelege røysta. «Då eg var liten, snakka alle dette språket», seier Segovia til avisa. Sjølv snakka han på dette språket med broren til han døydde kring 2000. No snakkar han litt ayapaneco med kona og sonen sin, som forstår han, men sjølve berre kan bruke nokre få ord.
I Mexico er om lag 70 urfolksspråk i bruk kring 2010. Ayapaneco kom særleg under press då opplæring i spansk blei obligatorisk frå midten av 1900-talet og det blei urbanisering med folkeflyting frå 1970-åra. Daniel Suslak, ein antropolog frå Indiana University, arbeider med ordboka Diccionario Analítico del Ayapaneco.
Sist oppdatert: 30.01.2014