Hopp til innhold
Ottar Grepstad
14.4.1833 blir språkforskaren Hans Matthias Elisæus Ross fødd i Holum.
 
14.4.1890 blir kulturhistorikaren Oscar Handeland fødd i Åseral.
 
14.4.1925 blir forfattaren Ingebrigt Davik fødd på Haram.
 
14.4.1956 blir forfattaren Rune Belsvik fødd på Stord.
 

All verdas språk

 

14. april 1828 gir Noah Webster ut første utgåva av American Dictionary of the English Language.
Manuskriptet har Webster fullført i England i januar 1825, 15 år etter at arbeidet tok til. Med om lag 70 000 oppslagsord på 1600 sider er dette den første større ordboka for amerikansk engelsk, som no blir oppfatta som ulikt frå britisk engelsk.
Alt i 1783 har han gitt ut ei rettsrkivingsordbok med blått omslag som på folkemunne blir heitande Blue-Backed Speller. Då han døyr i 1843, har boka kome i 365 opplag og er seld i minst 15 millionar eksemplar – berre Bibelen har fleire kjøpt.
Foto: Mark Kilner, flickr. com CC BY2.0
Foto: Mark Kilner, flickr. com CC BY2.0
Webster reknar med at britisk og amerikansk engelsk vil utvikle seg til to ulike språk, og det er ei utvikling han ønskjer. Saman med andre unge i The Philological Society demonstrerer han til støtte for amerikansk engelsk då grunnlova for USA blir ratiftsert 23. juli 1788. I essayet Dissertations on the English skriv han året etter: “As an independent nation, our honor requires us to have a system of our own, in language as well as government.”
Ordet amerikanisme blei forma i 1781, men ein av dei første amerikanismane i engelsk kan skrive seg frå 1620-åra. I 1620 hadde 102 engelskmenn om bord på skipet «Mayflower» nådd kysten av dagens Massachusetts. Dei lærte av dei innfødde å dyrke ein plante som blei kalla maize. Dei nye innvandrarane kalla planten corn, som heime i England blei brukt om alle kornslag. John Josselyn registrerer i 1663 at substantivet ordinary tyder ‘tavern’ i USA, men ‘boarding house’ i England.
Etter sjuårskrigen 1756–63 tek mange av dei nye innbyggjarane i desse engelske koloniane til å omtale seg som amerikanarar. Det forsterkar seg då dei engelske koloniane riv seg laus frå England og dannar USA i 1776. Få år seinare er engelsk offisielt språk i alle busetjingane i nordaust.
Webster gir i 1806 ut den første ordboka si, A Compendious Dictionary of the English Language, og frå no av arbeider han for å amerikanisere det engelske skriftspråket. Samuel Johnson som laga den første store engelske ordboka i 1755, meinte at engelskmenn aldri brukte -c i slutten av ord. Difor skreiv han oppslagsorda musick og comick. Webster tek bort k-en og introduserer dermed både comic og music til den engelskspråklege verda, men også amerikanske former som color og center.
Verket kjem i si siste reviderte utgåve i 1961 under tittelen Third New International Dictionary med over 450 000 oppslagsord på 2262 sider etter eit arbeid som utgjorde 757 redaksjonelle årsverk.
I dag blir om lag 4000 ord brukte ulikt i amerikansk og britisk engelsk.
Museet Noah Webster House blir opna i West Hartford i Connectiut i 1966.
Sist oppdatert: 08.01.2015