Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


15.4.1991 prentar Norsk Barneblad for første gong teikneserien ”Annika”, fortald og teikna av Håkon Aasnes.
 
15.4.2005 lanserer Noregs Mållag underskriftskampanjen ”Slepp nynorsken til!”, særleg retta mot riksavisene. Blant dei som skriv under, er statsrådane Valgerd Svarstad Haugland, Dagfinn Høybråten og Lars Sponheim. Alt etter to månader har 25 000 skrive under (sjå 21.10.2006).
  
15.4.2008 går Vassendgutane til topps på VG-lista med cd-plata XO. På kort tid har gruppa selt 30 000 eksemplar. Då året er omme, er det denne plata som har selt best på bensinstasjonane.
 
15.4.1930 er eit nytt opplag av Bibelen på landsmål i ordinært sal. Det første opplaget var på 50 000 eksemplar, og det nye opplaget er like stort. Bibelen på landsmål kan no kjøpast i seks ulike utføringar og kostar frå kr 8,50 til kr 20,00 (sjå 10.7.1921, 15.7.1921 og 31.12.1935).
 

All verdas språk


15. april 1755 gir Samuel Johnson ut A Dictionary of the English Language i to band.
Saman med seks medarbeidarar har Johnson brukt ni år på å lage boka, der 42 773 oppslagsord er definerte og forklarte mellom anna ved hjelp av 114 000 sitat. Til Oxford English Dictionary ligg føre i 1928, er dette hovudordboka for engelsk, men førsteopplaget var på berre 2000 eksemplar.
 
“A general Benefit to the Republic of Letters throughout Europe”, skriv ein italiensk leksikograf i samtida. Med si deskriptive form set verket standarden for alle seinare engelske ordbøker. Ein av nøklane til suksessen er at Johnson har omsette enkle angelsaksiske ord til anglolatinske synonym “to ramp up his majesty of speech”, skriv samtidsbiografen James Bowell. For å spare tid og pengar avgrensa Johnson utval og dokumentasjon til tida etter 1585.
 
Den første engelske ordboka stod Robert Cawdrey for då han i 1604 gav ut A Table Alphabeticall med korte definisjonar av 2543 ord. Den fjerde utgåva kom alt i 1617, då med 3264 oppslagsord. Trass i denne og andre ordbøker manglar den autoritative ordboka for engelsk til Johnson kjem med si. Eitt av dei mest krevjande oppslagsorda å skrive, var take. Dette ordet har heile 124 tydingar i Johnsons ordbok, medan put har 80 og go 68.
Johnson lagar i 1747 Plan of a Dictionary, og både der og seinare vaklar han i synet på kor normativ ei ordbok bør vere, og langt frå alle prinsippa i planen blir følgde. «Let us make some struggles for our language», skriv Johnson i forordet til den store ordboka.
 
I engelsk blir dei fleste regionale trekka borte på 1400-talet i skrift, men dei lever vidare i tale. Dialektformer tok Oxford English Dictionary berre med viss dei var eldre enn 1500. Mellom 1898 og 1905 gir derimot filologen Joseph Wright ut seksbandsverket English Dialect Dictionary. Med Grammar of the Gothic Language i 1910 blir Wright også ein viktig rådgivar og lærar for J.R.R. Tolkien.
 
Museet Dr. Johnson’s House blei opna i London i 1911.
 
Sist oppdatert: 08.01.2015