Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kultursentrum

16.4.1853 prentar Den norske Tilskuer ”Påskesalme” av Aasmund Olavsson Vinje. Dette er den første originalsalmen på landsmål, her i telemarksmål (sjå desember 1855). 

16.4.1890 kjem første nummeret av Sæbyggjen ut i Kristiansand med Torgeir Bjørnaraa som redaktør. Siste nummeret kjem 11.5.1892. 

16.4.2008 publiserer 80 forfattarar eit opprop der dei krev at saka om Garborg-senter på Bryne blir handsama på nytt og at det blir reist som eit frittståande anlegg med god arkitektur. Initiativtakar er Sidsel Mørck.

All verdas språk

16. april 1770 fastset kong Karl III at det snarast må gjerast det som er mogleg for å utrydde dei ulike språka som er brukte i dei spanske koloniane og på Filippinane, slik at spansk kan bli det einaste språket i desse områda.

Dette blir følgt opp med eit nytt dekret i 1782. Den 20. september 1794 fastset kong Karl IV endå eit dekret om at alle innbyggjarane skal ha gratis, obligatorisk opplæring i spansk, og ordninga blir forsterka frå 1863. Seinare kjem fleire slike vedtak, men ikkje dei pengane som trengst for å følgje opp.

I meir enn 300 år er spansk det einaste offisielle språket i Filippinane. I 1903 snakkar berre 11 prosent av innbyggjarane spansk, men alt før 1920 snakkar fleire engelsk enn spansk som førstespråk. Frå 1902 tek USA makta og hentar inn amerikanske lærarar og prestar. Engelsk blir jamstilt med spansk som offisielt språk frå 1935, og etter kvart reduserer dette bruken av spansk.

Frå 1954 arrangerer Filippinane Linggo ng Wika, ei årleg nasjonal språkveke, første veka i august

Den 11. februar 1987 får landet ei ny grunnlov der spansk ikkje lenger er eit offisielt språk. Den rolla har tagalog teke over. Same rolle har det språket hatt før; tagalog var offisielt språk i landet frå 1897 til 1935. Tagalog er førstespråket for ein firedel av innbyggjarane i landet og fungerer som eit lingua franca. I standardisert form blir språket kalla pilipino frå 1961 for å markere språket, frå 1973 filipino for å markere at det er eit språk for heile landet. Det eldste skriftstykket på tagalog er på ei koparplate frå 882 som blei funnen i 1989. Språket blir første gongen omtalt i grammatikken Arte y Reglas de la Lengua Tagala på spansk, latin og tagalog av misjonæren Fray Francisco de San José i 1610. Boka kjem i nye utgåver i 1752 og 1832 og er framleis den mest omfattande framstillinga av språket.

Sist oppdatert: 07.06.2017