Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

17.4.1910 avviser Odelstinget med 55 mot 37 røyster eit framlegg frå Riksmålsforbundet om at påbodet i lov av 24.5.1907 om skriftleg prøve på sidemål blir teke ut av lova (sjå 1907).
17.4.1996 vedtek Møre og Romsdal fylkesting med 49 mot 8 røyster å løyve dei planlagde midlane til bygging av Aasen-tunet.

17.4.2008 lanserer Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i Volda boka Les for meg!, som blir gitt ut på Det Norske Samlaget og som blir sendt gratis til alle barnehagar og grunnskular i Noreg.
 
17.4.2013 publiserer Wikipedia Nynorsk artikkel nummer 100 000, om Alex Bye. Kvar månad er det om lag åtte millionar oppslag på nettstaden (sjå 1.8.2004).
 
 

All verdas språk

 

17. april 1946 blir Syria sjølvstendig stat, og dagen blir feira som syrisk nasjonaldag. Dette skjer tre dagar etter at franske styrkar har reist frå landet; dei invaderte landet i 1941.
På Jesu tid – og lenge før – dominerte språket arameisk. Aram er eit gamalt namn på Syria, og nemninga kan difor ofte ha vore brukt om syrisk også. Med arameisk tek alfabetet over som ny skriftform etter kileskrift og hieroglyffar. Dei eldste innskriftene på arameisk er frå 800-talet f.Kr.
Dette er språket som pregar Babylon, og som blir offisielt språk i det persiske riket. Stordomstida tek slutt då Aleksander den store erobrar regionen kring 330 og innfører gresk. Arameisk tener likevel som eit lingua franca til arabisk på få tiår blir dominerande frå 600-talet e.Kr.
I dag blir arameisk framleis brukt som liturgisk språk i nokre kyrkjelydar. Vestleg nyarameisk blir talt av nokre få tusen menneske i landsbyen Ma’loula og eit par andre landsbyar nokre mil nord for Damaskus. Jesus frå Nasaret snakka ei eldre form av dette språket i tillegg til at han kunne hebraisk, kanskje også gresk.
Arabisk er det offisielle språket i Syria, men kurdisk blir mykje brukt kurdarar imellom i dei kurdiske områda. Styresmaktene har gjort mykje for å hindre bruken av kurdisk – born med kurdiske namn blir ikkje registrerte, kurdiske stadnamn blir omforma til arabiske, og det er forbode å gi ut skrifter på kurdisk.
Foto: themua, flickr.com BY 2.0
Foto: themua, flickr.com BY 2.0
Sist oppdatert: 28.08.2014