Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
18.4.1886 blir historikaren Arne Bergsgård fødd i Vestre Slidre.
 
18.4.1949 blir journalist Vidar Ystad fødd på Rjukan.
 
18.4.1958 blir journalist Geirmund Henjum fødd i Sogndal.
 
18.4.2002 legg kulturkomiteen i Stortinget fram Innst. S. nr. 142 (2001–2002) om mediepolitikk. Der skriv fleirtalet, alle utanom Framstegspartiet, i ein merknad at «de små lokalavisene har i tillegg en viktig funksjon i forhold til ivaretagelse av nynorsk og nyansene i norsk språk generelt.» I plenumsdebatten 25.4. seier Eli Sollid Øveraas (Sp) at «i tillegg bidreg dei til å styrkje det nynorske språket, i og med at mykje av stoffet i desse avisene ligg føre på nynorsk». Fram til 2009 er dette så godt som alt som er blitt sagt frå talarstolen i Stortinget om pressestøtta i eit språkpolitisk perspektiv (sjå 19.1.1969, 13.4.1973, 5.8.1973, 19.1.2009, 19.2.2009).
 

 All verdas språk

18. april 1861 obduserer den franske legen Paul Broca i Paris ein pasient som døydde dagen før, og identifiserer språksenteret i hjernen. Det finn han i frontallappen. Paradokset er at han finn ut dette ved å studere hjernen til pasientar med afasi som dermed ikkje kan snakke.
Oppdaginga gjer han då han denne vårdagen obduserer sin aller første pasient ved Bicêtre-sjukehuset i Paris. Pasienten heiter Leborgne, men blir kalla Tan fordi han ikkje greidde å seie så mykje anna enn tan i 21 år.
Broca har tre år tidlegare skipa Société d’Anthropologie de Paris, og fleire forskarar har i lengre tid diskutert om og kvar eit slikt språksenter finst. Etter ein diskusjon i selskapet 4. april skal Broca ha bestemt seg for å leite etter språksenteret. Oppdaginga publiserer han i Bulletin de la Société Anatomique seinare same året.

Seinare gjer andre forskarar liknande funn andre stader i hjernen. Enno er likevel det området som blir kalla Broca-området, det viktigaste språksenteret for syntaks, grammatikk og setningsstruktur.
Sist oppdatert: 30.01.2014