Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

19.4.2004 gir Universal music ut cd-en Luring av Odd Nordstoga. Etter to dagar har han selt like mange plater som han til då har selt i alt av dei fem platene han har gitt ut før, og plata går rett til topps på VG-lista. Der blir den verande det meste av sommaren. Den store sommarslageren er ”Kveldssong for deg og meg” med tekst av Ragnar Hovland, eit dikt frå samlinga Elefantmusikken i 1985. Hausten 2006 er det selt 160 000 eksemplar av cd-en.

19.4.2018 presenterer prosjektkoordinator Arve Sandal for Førde formannskap skisseprosjekt frå fem arkitektkontor til det planlagde Nynorskhuset i Førde. Målet er å «byggje eit nasjonalt fyrtårn for det nynorske språket». 

 

All verdas språk

19. april 1928 kjem den siste av 125 hefte i Oxford English Dictionary. Heile verket ligg samstundes føre i ti band med 414 825 oppslagsord og 1,8 millionar sitat på 15 500 sider. Det første heftet med oppslagsord A–All var blitt publisert 1. februar 1864, og då det første bandet kom ut i 1888, blei det selt i 4000 eksemplar.
 
Grunnlaget for ordboka er eit initiativ frå The Philological Society i Lodon, skipa i 1842. Medlemene meiner dei ordbøkene som då finst, er for dårlege, og i 1857 set dei ned ein komité for å samle inn ord og uttrykk som manglar. Same året legg biskopen og poeten Richard Chenevix Trench fram to utgreiingar om saka frå Unregistered Words Committee, oppnemnd av The Philoogical Society. Dette fører til at arbeidet med The New English Dictionary, som verket først heiter, blir sett i gang i 1860 og avtale med Oxford University Press skriven i 1879. Då er planen at heile utgivinga vil ta om lag ti år, men det tek meir tid enn som så å sortere fem millionar ordsetlar som over fleire tiår blei samla inn – ein tredel av dei blir brukte. Verket skulle bli på 7000 sider, og budsjettet var på £ 9000, men rekneskapen viste samla kostnader på £ 375 000.  
 
I 1986 er den andre utgåva komplett med 615 100 oppslagsord og vel 2,4 millionar sitat på 21 730 sider. Den tredje og gjennomarbeidde utgåva, The Oxford English Dictionary, er planlagd ferdig i 2037.  

I det mindre, men meir brukte ordbokverket Concise Oxford Dictionary har det dei siste tiåra vore med ein del fiktive ord med komplette forklaringar og sitat. Redaksjonen har laga orda for å avsløre misbruk av materialet.
Sist oppdatert: 18.02.2019