Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

2.4.1919 gjer statsminister Gunnar Knudsen det klart at regjeringa stiller kabinettsspørsmål på tillit til kyrkjeminister Jørgen Løvlands handsaming av framlegget til ny rettskriving to år tidlegare (sjå 1.4.1925).

2.4.1964 blir Riksfondet for nynorsk presse skipa med Hartvig Kiran som formann.

2.4.2004 legg regjeringa Bondevik fram St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. I meldinga føreset regjeringa at det framleis skal vere obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning i både ungdomsskulen og vidaregåande skule, men gjer framlegg om at eigen sidemålseksamen skal bort i ungdomsskulen, at det skal vere trekkfag til eksamen i vidaregåande skule og at det skal opprettast eit kompetansesenter for nynorsk i opplæringa ved Ivar Aasen-instituttet i Volda (sjå 30.3.2005, 30.10.2008). 

 

All verdas språk

2. april 1700 legg Ludvig 14 fram Pyrené-traktaten, som mellom anna inneber at det blir forbode å undervise i eller bruke katalansk i alle offentlege dokument i det som i dag er Nord-Catalonia.

Den 29. juni 1707 fastset kong Filip V det første av fleire Decrets de Nova Planta. Gjennom desse vedtaka blir Spania forma i retning av ein sentralisert stat etter mønster av Frankrike. No blir opplæring i og administrativ bruk av katalansk også forbode i Kongeriket Spania, for skulens del gjennom dekret frå 16. januar 1716.

Først med den såkalla Renaixença ut på 1800-talet blir katalansk på ny løfta fram. Mellom 1873 og 1876 blir det spanske monarkiet med autoritært styre omforma til først føderal republikk, så sentralisert republikk og til slutt kongedøme med ny og liberal grunnlov. Like fram til 1970-åra glir Spania fram og attende mellom demokrati og diktatur, med til dels tronge kår for språkleg mangfald. Frå tidleg 1900-tal kjem likevel katalansk jamt meir i bruk i den katalanske regionen.

Då Spania får ny grunnlov i 1978, får fleire språk offisiell status i regionane. I den valensianske regionen blir katalansk kalla valensiansk, og av politiske grunnar blir dette rekna som to sjølvstendige språk. Valensiansk er offisielt språk i regionen i tillegg til spansk. 

Acadèmia Valenciana de la Llengua blir skipa av parlamentet i Valencia 16. september 1998. Akademiet har 24 medlemer som skal løyse to hovudoppgåver. Den eine er å fastsetje den offisielle rettskrivinga for valensiansk, den andre å setje i verk tiltak som fremjar bruken av språket.


Sist oppdatert: 21.02.2019