Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

20.4.1861 står ”Paa fjellit” (Hu hei! Kor er det vel friskt og lett) av Kristofer Janson på trykk i Studenterblade.

20.4.1951 kjem første nummeret av Bygdanytt ut i Arna med Sigurd Mjeldheim som redaktør.

20.4.1970 legg kyrkje- og undervisningskomiteen i Stortinget fram si innstilling om St.meld. 15 (1968–69) om språksaka. Fleirtalet – alle parti utanom Høgre – meiner at ”hovedregelen må være å gi nynorsken en plass som i det minste svarer til en fjerdedel av ordsendingene” i NRK. Stortinget drøftar innstillinga 20.5. (sjå 31.1.196423.3.19661.12.1995).

20.4.2012 arrangerer Kunnskapsdepartementet det første møtet i ei ressursgruppe for nynorsk hovudmål. Gruppa avsluttar arbeidet 27.11. Gruppa skal gi råd til ein rapport som departementet skal leggje fram. Denne rapporten blir offentleggjord seinsommaren 2013, men då er det gruppa som svarar for innhaldet, ikkje departementet.

All verdas språk

20. april 1939 får Adolf Hitler på sin 50-årsdag ei grammofonplate frå Reichsbund der deutschen Beamtenschaft der folk helsar han på sine mange ulike tyske dialektar.

Hitler misliker gåva sterkt av di eit slikt talemålsmangfald er i strid med det politiske programmet hans om einskap i Das Reich. Den politikken er ei streng vidareføring av tidlegare tiders arbeid for eit einskapleg tysk språk.

Frå hausten 1923 blir tyske radiostasjonar bygde opp. Fleire av dei ønskjer å fremje bruken av dialekt, og det blir mellom anna sendt språkkurs i lågtysk. «Der Rundfunk … pflegt die deutsche Sprache auch in inhren Mundarten», heitte det i offisiell form så seint som i 1932. Hitler-regimet braut dette av tvert.

Etter 1945 tek radiostasjonane fram att tradisjonen med sendingar på dialekt. I 1965–67 svarar 59 prosent i ei tysk meiningsmåling at dei kan snakke dialekten frå heimstaden sin. Desse blir færre etter kvart. Mot slutten av 1900-talet får likevel dialektane gradvis høgare status. Den 13. februar 1990 sender såleis Westdeutsches Fernsehen (WDR) første episode av dokusåpeserien Die Fussbroichs om ein arbeidarfamilie i Köln som bruker kvardagsspråket fullt ut. Serien blir svært populær, og fram til våren 2003 blir det i alt 100 episodar. Andre tv-stasjonar følgjer opp, og ut på 2000-talet utgjer truleg sendingar på dialekt om lag 5 prosent av alle tyske tv-program.

Bruken av dialekt kjem i tillegg til høgtysk, ikkje i staden for.

Sist oppdatert: 20.04.2018