Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

21.4.1900 får Kyrkjedepartementet Peter Hognestads omsetjing til landsmål av Tekstbok og altarbok for Den norske Kyrkja (sjå 28.10.1907 og 29.3.1908). Det var Olaf Huseby som året før hadde oppmoda han om å gjere dette.
 

All verdas språk

 
21. april 1806 avsluttar Johann Wolfgang von Goethe manuskriptet til skodespelet Faust. Der Tragödie erster Teil, som blir gitt ut på bokmessa i Leipzig våren 1808. Seinare held han fram med del II. Det manuskriptet avsluttar han 22. juli 1831, og verket kjem posthumt ut i 1832, få månader etter at han døyr.
Dragkampen mellom Mephistopheles og det allkunnesøkjande mennesket har vore eit grunnmotiv i vestleg kunst sidan 1500-talet, og Goethe arbeider i vel 60 år med emnet. Hans Faust er eit av hovudverka i tyskspråkleg diktekunst og har vore eit språkleg-kulturelt referansepunkt.
Goethe er fødd i Frankfurt am Main 28. august 1749 og døyr i Weimar 22. mars 1832. Nest etter Martin Luthers arbeid på 1500-talet er det særleg diktarar som Friedrich Schiller og Johan Wolfgang von Goethe som formar det (høg)tyske skriftspråket. Han er ein hovudperson i europeisk litteratur, både dikting og sakprosa, ein tidleg tolkar av ny tenking og dannar ei bru mellom opplysningstida på 1700-talet og romantikken på 1800-talet.
Faust er ei tysk legende frå 1500-talet om eit lærd menneske som i si fortviling over livet gjer ei pakt med Djevelen om å byte bort sjela si for all verdas gleder og endelause kunnskap.
Sist oppdatert: 30.01.2014