Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


23.4.1907 vedtek Odelstinget samrøystes eit tillegg til lov om stiftskapellanar at ein av stiftskapellanane i Oslo ”fortrinsvis anvendes til at forkynde Guds ord paa det norske landsmaal”, og at han også kan gjere teneste utanfor stiftet (sjå 31.3.1903). 13.5. vedtek Lagtinget samrøystes det same. Seinare blir ordninga utvida.

23.4.1998 ligg Nynorsk faktabok 1998 av Ottar Grepstad føre (sjå 23.4.2005, 19.9.2010,26.9.2015).

23.4.2014 legg Nynorsk kultursentrum fram årsrapporten «Så lenge der er språk, kjem det år» om Språkåret 2013 (sjå 2012, 2013). Rapporten dokumenterer 3320 arrangement med til saman 149 000 gjester. Språkåret hadde aktivitet i fem land, i alle dei norske fylka, i halvparten av alle kommunane og nesten kvar einaste dag gjennom året. Rapporten syner også at i Språkåret 2013 endra truleg om lag 250 000 nordmenn meiningar om språk og språkpolitikk. Rekneskapen viser ei samla omsetning på 8,7 millionar kr. Nær 500 000 kr i restmidlar blir hausten 2014 løyvde til seks ulike oppfølgingstiltak.

All verdas språk

23. april 1996 blir Den internasjonale bok- og opphavsrettsdagen feira for første gong. Unesco vedtok på generalforsamlinga i Paris 15. november 1995 å innføre ei slik markering.
På denne datoen i 1616 døydde både spanske Miguel de Cervantes, engelske William Shakespeare (etter den julianske kalenderen) og den språkkunnige inkaen Garcilaso de la Vega. Dette er også fødselsdatoen for forfattarar som franske Maurice Druon, islandske Halldor Kiljan Laxness, russisk-amerikanske Vladimir Nabokov, katalanske Josep Pla and colombianske Manuel Mejía Vallejo.
I Katalonia har denne dagen sidan 1436 vore feira som St. Georgs dag (Sant Jordi), og den dagen har ein gitt ei rose til alle som kjøper ei bok. Den 23. april 1984 markerer eit vendepunkt for katalansk. Då seier den spanske informasjons- og turistministeren i ein tale i Barcelona at «einskapen i fedrelandet er ikkje og kan ikkje bli truga av at heimstadspråk blir nytta».
Kvart år frå og med 1976 deler Asociación de Academias de la Lengua Española på denne dagen ut Cervantes-prisen, den viktigaste prisen for spanskspråkleg litteratur. Hovudverket av Cervantes er også den første moderne romanen: Don Quijote de la Mancha kjem ut i 1605.
På same dagen i 1960 publiserer The New Yorker diktet «Laments for a dying language» av den amerikanske poeten Ogden Nash.
Sist oppdatert: 06.01.2016