Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

24.4.1921 held Marta Steinsvik preike ved ein «aftensang» i Grønland kyrkje i Kristiania. Aldri før hadde ei kvinne stått på ein preikestol her i landet og forretta under sjølve gudstenesta.

24.4.1936 kjem første nummeret av avisa Sogn og Fjordane ut på Hermansverk med Ivar Tveit som redaktør. Avisa er eit framhald av Sogn og går inn i 1993.

24.–26.4.1998 blir Norsk kulturhelg for første gong arrangert i Oslo.

All verdas språk

24. april 1963 melder Aftenposten at teikneseriebladet Donald Duck & Co. har hamna i den norske språkdebatten.

Grunnen er ein del av historia «Eggmysteriet», skriven og teikna av Carl Barks, i nummeret som kom ut veka før. Donald og nevøane reiser til Andesfjella. Der møter dei eit urfolk som i Barks’ strek er rett så firkanta og snakkar sørstatsdialekt. I Vivi Aagaards omsetjing snakkar dei vossamål, og dei et ikkje noko anna enn egg – firkanta egg. Svartepetter taler derimot korrekt riksmål.

Faksimile frå «Eggmysteriet».

Faksimile frå «Eggmysteriet», publisert i heftet «Les nynorsk med Donald Duck» utgitt i 2016. 

Då Deichmanske Bibliotek i Oslo lèt vere å gjere nummeret tilgjengeleg på biblioteket, kjem det protestar, og biblioteket bed Det rådgivende utvalg for tegneserier i Norge vurdere saka. Utvalet konkluderer samrøystes at «episodene ikke kan sies å være diskriminerende for noen norsk språkgruppe», men peikar på at omsetjinga har mange språkfeil «med en blanding av gamle og nye former».

Til hundreårsdagen for Carl Barks i 2001 kårar norske Donald-lesarar «Eggmysteriet» til den beste serien gjennom tidene.

Sist oppdatert: 23.04.2019