Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

25.4.1907 vedtek Odelstinget med 62 mot 30 røyster at elevar skal skrive ein stil på sidemålet til examen artium. I Høgre røystar 13 for og 18 mot. 13.5. vedtek Lagtinget samrøystes det same. Lova blir sanksjonert 24.5. og gjord gjeldande frå 1912.

25.4.1927 godkjenner Kyrkjedepartementet det endelege utvalet av bokmålssalmar i den reviderte utgåva av Nynorsk Salmebok.

25.4.1962 noterer Olav H. Hauge at han har fått første prøvenummeret av Dag og Tid. Dette er det første av fire prøvenummer, og Arthur Klæbo har redigert nummeret. Målet er å lage ei god avis på nynorsk.

25.4.1995 kjem nr. 3/1995 av vekebladet Tique ut. På framsida er det tilvising på nynorsk til ein artikkel av Arne Hjeltnes i bladet.

25.4.2018 opnar Det Norske Samlaget Nasjonalt lesedøgn på Bolteløkka skole i Oslo. 6918 elevar på 1.–4. steg ved nærmare 200 skular er med, og dei har lese 708 260 sider då aksjonen blir avslutta 27.4. 

All verdas språk

25. april 2006 opnar Kronprins Haakon utstillinga Latio Drom – Romanifolkets / Taternes kultur og historie på Glomdalsmuseet i Elverum. Seinare supplerer museet med fleire større temautstillingar om same emnet.

I tida mellom 1000 og 1300 innvandra ur-romanifolk frå India via Vesleasia til Balkan, og 200 år seinare kom dei til Norden. Desse folka blir seinare kalla tatarar og talar det som i dag blir kalla norsk romani. Frå 1860 kjem nye innvandrarar med same bakgrunn frå Balkan. Det er dei som i dag blir kalla romfolk, og språket deira blir på norsk kalla romanés.

Frå demonstrasjon i Frankrike. Foto: philippe leroye flickr cc by 2.0

Frå demonstrasjon i Frankrike. Foto: philippe leroye flickr cc by 2.0

Språka liknar kvarandre, men skil seg særleg i formverket. Som romanés har også norsk romani eit indiskprega ordforråd, men mange nye ord er tekne inn, og orda blir bøygde som på norsk. Taterane er tradisjonelt tospråklege: Dei har gjerne ein norsk dialekt som førstespråk, men bruker norsk romani seg imellom, særleg i møte med buroane, etniske nordmenn. Denne funksjonen som hemmeleg språk var viktig for at språket blei verande i bruk.

I sjølvbiografien Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb frå 1835 gir Gjest Baardsen den første norske skildringa av norsk romani. Det språket har han lært då han sat i fengsel. Han lagar også ei ordliste for norsk romani, Vandrings- eller Skøiersprog, som kjem ut posthumt i 1936, og i 1993 gir predikanten Ludvig Karlsen ut Romanifolkets ordbok.

Romani er i all hovudsak eit munnleg språk, men den norske språkforskaren Rolf Theil arbeider med ei rettskriving som vil etablere norsk romani også som skriftspråk. I 2014 kom den første boka på norsk romani, Vandriane rakkrar/Taterne forteller/Taterane fortel, av Rolf Theil, Anne Gustavsen og Mariann Grønnerud. Tekstane i boka er på både norsk-romani, nynorsk og bokmål. 

Sist oppdatert: 18.02.2019