Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
26.4.2000 opnar Nynorsk kultursentrum nettstaden www.aasentunet.no.
 

All verdas språk

26. april 1977 er den såkalla Lov 101 gyldig i Quebec. Dette Charte de la langue française inneber at fransk skal vere det einaste forvaltningsspråket i Quebec og det vanlege språket i næring, kommunikasjon og kvardagsliv.
Canada har då dei siste åra utforma ein meir systematisk tospråkspolitikk. Der vedtek Underhuset 7. juli 1969 ei ny språklov som fastset at engelsk og fransk er likeverdige, offisielle språk i landet. Official Languages ActLoi sur les langues officielles gjeld frå 9. september same året, men blir kraftig endra i 1988. Dette må til for at lova skal vere i samsvar med andre vedtak som gir innbyggjarane i Canada rett til å kommunisere på engelsk eller fransk med kva det skal vere av regional og sentral forvaltning. Dessutan klargjer den reviderte lova frå 1988 rettane til den engelske minoriteten i Quebec og til den franske minoriteten i resten av Canada.
Kring tusenårsskiftet forsterkar regjeringa i Quebec ein politikk som fremjar bruken av fransk.
Sist oppdatert: 30.01.2014