Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

27.4.2005 sender 46 samfunnstoppar frå mange ulike sektorar brev til statsminister Kjell Magne Bondevik med oppmoding om å realisere planane for Nynorsk digitalt leksikon (sjå 13.12.2005).

27.4.2006 lanserer Microsoft operativsystemet Windows XP på nynorsk (sjå 19.11.2003). Brukarar av Word og Office får no ei ny nynorsk synonymordliste, Ordrik, utvikla av Nynodata (sjå 20.2.2007).

All verdas språk

27. april 1994 blir ei overgangsgrunnlov innført i Sør-Afrika, og 10. mai  blir Nelson Mandela innsett som president i den nye republikken.

Etter at apartheidregimet er avvikla, blir Sør-Afrika eit land med 11 nasjonalspråk: afrikaans, engelsk, isizulu, isixhosa, sepedi, sesotho, setswana, siswati, sør-ndebele, tsjivenda og xitsonga. Det vil også seie at landet har 11 ulike namn. Ved sida av Bolivia og India er Sør-Afrika den nasjonen i verda som har flest offisielle språk. I tillegg har Sør-Afrika ei rekkje språk med offisiell status i ein eller fleire regionar.

Engelsk er det dominerande språket, og det er på sett og vis underleg. Det var nederlendarane som kom hit først, i 1652, og sjølv i dag utgjer dei engelsktalande innbyggjarane berre eit lite mindretal. Åtte av ti innbyggjarar har verken engelsk eller afrikaans som førstespråk.

Xhosa var morsmålet til Nelson Mandela, som brukte engelsk som jurist og insisterte på at medfangane på Robbeneiland (Robben Island) måtte lære seg afrikaans. «For å føre krig», sa han, «må du forstå korleis generalen for motstandarane tenkjer. Du kan aldri utmanøvrere han viss du ikkje forstår han, og du kan ikkje forstå han utan å forstå litteraturen og språket hans.»

Sist oppdatert: 07.06.2017