Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

28.4.1890 vedtek Odelstinget med dobbelrøysta til odelstingspresident Carl Berner at studentane ved lærarskulane kan bruke landsmål i den munnlege opplæringa. Lova blir sanksjonert 14.6.

28.4.1934 forkastar Høgsterett ein appell frå Indrebø i rettssaka som er reist mot han etter skuldingar mot to embetsmenn (sjå 3.1.1933 og 15.3.1934) . Landet rundt blir det samla inn pengar til Indrebø, som set midlane i eit fond som skal brukast til arbeidet for nynorsk skulemål.

28.4.1963 blir L/L Dag og Tid skipa med Bjarne Lyngstad som første styreformannen. Første ordinære nummeret kjem i september same året.

28.4.2006 presenterer Hotell Bondeheimen seg som kulturhotellet i Oslo. Under slagordet ”Rom for litteratur” er 72 rom utsmykka med sitat frå like mange forfattarar og kulturpersonar. I 2008 pussar hotellet opp dei 57 siste romma i same lei.

28.4.2009 slutthandsamar Stortinget språkmeldinga Mål og meining (sjå 27.6.2008). Fleirtalet vil styrkje bruken av nynorsk, utvide arbeidsområdet for Språkrådet slik at det dekkjer språk i Noreg, ikkje berre norsk språk, og går inn for ei ny språklov som kan erstatte dei tre lovene som gjeld i dag (sjå 30.4.2009). Alle partia kommenterer språkpolitiske krav til pressestøtta, men dei fleste avviser ei slik kopling (sjå 19.1.2009 og 19.2.2009).

28.4.2018 feirar Det Norske Samlaget 150-årsjubileum med jubileumsframsyning og fest på Det Norske Teatret i Oslo (sjå 24.3.1868).

All verdas språk

28. april 1789 gjer mannskapet om bord på HMS «Bounty» mytteri. Skipet ligg 2100 km vest for Tahiti då Fletcher Christian utløyser mytteriet.

Kaptein William Bligh blir saman fleire andre sende av stad i ei jolle; dei driv i alt over 6500 km før dei kjem til Kupang på Vest-Timor. Med 27 britar og tahitiarar om bord siglar skipet vidare for ikkje å bli oppdaga av Royal Navy. Den 15. januar 1790 går dei i land på Pitcairn Island, og dei brenner skipet åtte dagar seinare. Øya var første gongen blitt kartfesta 3. juli 1767, men mytteristane oppdagar at øya er blitt plassert feil på kartet.

Etterkomarane utviklar språket pitkern, eit kreolspråk utvikla frå engelsk med innslag av tahitisk. Pitcairn Island blir engelsk koloni i 1838 og er ein av dei første stadene med røysterett for kvinner. I dag er dette det minste demokratiet i verda, med mindre enn 100 innbyggjarar, og på skulen blir både engelsk og pitkern brukt.

Sist oppdatert: 18.02.2019