Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


29.4.1855 har skodespelet Ervingen av Ivar Aasen premiere i Det norske Theater, Kristiania.
 
29.4.1944 står første teikneseriestripa med Tuss og Troll på prent i Norsk Barneblad, fortald av Øyvind Dybvad og teikna av Jens R. Nilssen.
 
29.4.2002 blir Kristin Bakken tilsett som prosjektdirektør i Norsk Ordbok 2014. Etter framlegg i St.meld. nr. 22 (1999–2000) blir ordboksarbeidet no trappa opp for at verket i tolv band skal vere ferdig i 2014.
 
29.4.2014 legg kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget fram Innst. 177 S (2013–2014) om «språklig fornyelse av Grunnloven», «om en nynorsk versjon av Grunnloven» og «om vedtak av Grunnloven på tidsmessig bokmål og nynorsk». I innstillinga er det ikkje to tredels fleirtal for nokon av forslaga (sjå 2012).
 
 

All verdas språk

29. april 1922 blir Joe Auginaush fødd ved Sugar Bush Camp i Minnesota, USA.
Han er av ojibwe-folket, ein stamme i grenseområdet mellom USA og Canada. På ojibwe heiter dei anishinaabe, menneske, og på det språket heiter han Giniw-aanakwad, Kongeørn-sky.
På skulen får han berre lære engelsk, som er eit vanskeleg språk for han. 15 år gamal kjem han til ein internatskule i Nord-Dakota der han blir straffa fysisk viss han snakkar eller syng på morsmålet sitt. Frå han er 20 år gamal tenestegjer han 3 ½ år i dei amerikanske styrkane i Europa og Asia.
Seinare blir han skogvaktar og skulebussjåfør i heimstaten. Som utøvande dansar blir han der også med og tok vare på ojibwe-folkets kulturtradisjonar, og han underviser dei i språket deira.
Mange bed meg snakke ojibwe, seier han i ein tale i 1995. Dei forstår ikkje alltid kva eg seier, seier han, men eg snakkar likevel. I denne talen på ojibwe slår han over til engelsk: Like an old man said, We’re not losing our language, the language is losing us. I dag er ojibwe truleg det urfolksspråket som står sterkast i USA.
Joe Auginaush døyr 6. januar 2000.
Sist oppdatert: 08.01.2015