Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

3.4.1886 vedtek Stortinget med 87 mot 19 røyster å løyve 1800 kroner til vidare arbeid med å omsetje skrifter frå Det nye testamentet til landsmål (sjå 17.6.1881, 12.10.1889).
 
3.4.1929 kjem første nummeret av Horda Tidend ut på Voss. Avisa går inn i 1989.
 
3.4.1959 fastset regjeringa Gerhardsen den nye læreboknormalen i kongeleg resolusjon (sjå 7.10.1958). Reglane blir tekne i bruk i skulen frå 1.8.
 
3.4.1959 gir Studentmållaget i Oslo ut første nummeret av avisa Apropos med Erling Lægreid som redaktør. Lars S. Vikør er redaktør då siste nummer kjem ut i 1972.
  
3.4.1968 har Det Norske Teatret premiere på Spelemann på taket med Lasse Kolstad og Sølvi Wang i hovudrollene. 335 framsyningar seinare har 156 708 menneske kjøpt billett. Verken før eller seinare har fleire sett eit teaterstykke på nynorsk.
 
3.4.2008 blir Sverre Fehn og Ivar Aasen-tunet heidra med A.C. Houens fonds diplom for framifrå arkitektur. Dette er den fremste prisen for norsk arkitektur, og blei første gongen delt ut i 1904.
 
 

All verdas språk

 

3. april 1991 døyr den engelske forfattaren Graham Greene.
Han er berre 21 år gamal då han 1. mai 1925 debuterer som forfattar med diktsamlinga Bubbling April. Boka blei prenta i 500 eksemplar, og første året blei 62 eksemplar selde. Året etter konverterer han til katolisismen. Den moralske ambivalensen som pregar det meste av det han skriv, gjer saman med språkleg suverenitet og sans for underhaldning at dette er ein av dei mest lesne forfattarskapane i engelsk litteratur.
Blant fleire høgdepunkt ragar The Power and the Glory (1940) høgast. Dobbelagenten Kim Philby, som seinare hoppar av til Sovjetunionen, rekrutterer i 1942 Greene til MI6, og Greene tenestegjer dermed i 15 månader som engelsk agent i Sierra Leone. Få år seinare skriv han manuskriptet til filmen The Third Man (1949), som i Carol Reeds regi blir eit av hovudverka i filmhistoria frå 1900-talet.
Med sjølvbiografien A Sort of Life (1971) set Greene ein eigen standard for boktitlar.

Sist oppdatert: 28.08.2014