Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
30.4.1885 held Elias Melvær det første innlegget i Stortinget som blir referert på landsmål i Stortingstidende. Saka gjeld løyving til kurs i landsmål for lærarar.¨
30.4.2008 plantar Kronprins Haakon ny tunbjørk i Ivar Aasen-tunet. Han opnar også den nye utescena i tunet. Bjørka er ein genetisk kopi av Storebjørka, som blei teken ned i 2005 (sjå 4.10.2004).
 
30.4.2009 sender Kultur- og kyrkjedepartementet ut rundskriv til alle departementa om oppfølging av den språkmeldinga Stortinget har slutta seg til (sjå 29.4.2009). I brevet blir det framheva at «alle fagdepartement må ta eit språkpolitisk ansvar, på liknande vis som dei har eit miljøansvar og eit ansvar for likestilling mellom kjønna», og at det «for alle offentlege tiltak og all politikkutforming med eit språkleg aspekt skal vurderast eksplisitt korleis dette kan utformast slik at ein også tek omsyn til nynorsk og nynorskbrukarane».

 

All verdas språk

30. april 1789 held George Washington den første talen ved innsetjinga av ein amerikansk president. Innsetjingsseremonien blir halden på balkongen i Federal Hall i New York, men talen held han i Senatet. Washington opnar slik:
“Among the vicissitudes incident to life no event could have filled me with greater anxieties than that of which the notification was transmitted by your order, and received on the 14th day of the present month.” I sluttorda kallar presidenten på Gud: “His divine blessing may be equally conspicuous in the enlarged views, the temperate consultations, and the wise measures on which the success of this Government must depend.”
Desse innsetjingstalane er prega av den høgtidlege seremonien dei er ein del av, og på sitt beste er dei noko av det fremste av verdsleg talekunst i den vestlege verda. Politisk viktigare er State of the Union, ein tale om rikets tilstand som den amerikanske presidenten held i Kongressen kvart år. Også denne talen er det George Washington som held første gongen, 8. januar 1790. Thomas Jefferson meiner skikken er for monarkistisk og går over til skriftlege rapportar. I 1913 tek Woodrow Wilson fram att talekunsten.
Sist oppdatert: 03.02.2014