Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


4.4.1952 konstituerer Norsk språknemnd seg med Didrik Arup Seip som første formannen.
 

All verdas språk

4. april 1952 konstituerer Norsk språknemnd seg med 15 representantar frå bokmål og like mange frå nynorsk. Stortinget vedtok 13. desember 1951 å opprette dette organet. Språkforskaren Didrik Arup Seip blir første formannen.

Frå 1972 tek Norsk språkråd over oppgåvene til Norsk språknemnd, med utvida mandat, og blir i 2005 omorganisert til Språkrådet.

Saka har vore drøfta sidan 1946. I ein kronikk i Verdens Gang 6. november 1945 tek Eirik Vandvik til orde for å «leggja måldyrkinga inn under ein offentleg institusjon, driven av Staten og med dei beste fagfolk og sakkunnige». Dei fleste som kommenterer saka, er skeptiske, medrekna kyrkje- og undervisningsminister Kaare Fostervoll. Riksmålsforbundet følgjer derimot opp med framlegg om «en sakkyndig sprognevnd» i brev til Kyrkje- og undervisningsdepartementet i juni 1948.

Den ideen som etter kvart vinn fram, skriv seg frå 1881. Då gjekk språkreformatoren Knud Knudsen inn for å etablere ein sprogkommitte som kan vere eit rådgivande organ for styresmaktene.

Finland har hatt Svenska språkvårdsnämnden sidan 1942, i Sverige har Nämnden för svensk språkvård sitt første møte 3. mars 1944, Finlands Akademis språkbyrå blir skipa i 1949 og Dansk Sprognævn 17. mars 1953. Vest i havet kjem Islensk málnefnd til i 1964 og Føroysku málnevndini 1. april 1985, og Færøyane skipar Málráðið frå 1. januar 2013.
Sist oppdatert: 30.01.2014