Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

5.4. og 7.4.1919 stadfestar Stortinget 1917-reforma i rettskrivinga etter ein interpellasjon frå Carl Joachim Hambro om å annullere denne. Debatten blir det kraftigaste oppgjeret om språkpolitikk i Stortinget. Med dobbeltrøysta til stortingspresident Anders Buen (Ap) fell eit framlegg om å utsetje den endelege handsaminga.
 
5.4.1959 blir Landslaget for språklig samling skipa med Arne Kielland som første formannen.
 
5.4.1997 vedtek landsmøtet i Høgre for første gong valfri skriftleg sidemålsundervisning.
 

All verdas språk

5. april 1959 blir Landslaget for Språklig Samling skipa med Arne Kielland som første formann.
 
Initiativet har kome frå ei gruppe studentar der dei fleste er med i Unge Venstre. Dei ønskjer å støtte dei nye og omdiskuterte rettskrivingane for bokmål og nynorsk som skal gjelde frå 1. august 1959. Desse rettskrivingane fører vidare den tilnærminga mellom nynorsk og bokmål som blei systematisert med 1938-rettskrivingane. I tillegg til studentane stør politikarar som Trygve Bull (Ap), Einar Hovdhaugen (Sp) og Helge Ytrehus (V) den nye organisasjonen.
Føremålet for Landslaget for Språklig Samling er å «arbeide aktivt for ett skriftspråk i landet og søke å nå fram til dette ved gjensidig tilnærming mellom bokmål og nynorsk». Frå vinteren 1960 gir laget også ut bladet Språklig Samling, som framleis kjem ut. Alt i 1961 har laget 3000 medlemer, og høgare enn dette kjem dei ikkje. Ut på 2000-talet stabiliserer medlemstalet seg litt over 200.
 
Frå 1962 blir Språklig samlings litteraturpris delt ut, første gongen til Mikkjel Fønhus.    
Sist oppdatert: 30.01.2014