Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

6.4.1818 blir diktaren, essayisten og redaktøren Aasmund Olavsson Vinje fødd i Vinje.

6.4.1857 blir diktaren Per Sivle fødd i Aurland.

6.4.1866 blir kartograf Ivar Refsdal fødd i Vik i Sogn.

6.4.1931 blir myntforskar Kolbjørn Skaare fødd i Trondheim.

6.4.1957 blir forleggjar Torkjell Djupedal fødd i Oslo.

6.4.1971 blir forfattar Marit Eikemo fødd i Odda.

6.4.1989 kjem første nummeret av Fjuken ut i Vågå med Finn Sandum som redaktør.

6.4.2018 opnar hovudmarkeringa i Vinje-jubileet 2018 i Vinje. Arrangementet blir avslutta 8.4. og har då samla om lag 1200 gjester (sjå 28.8.2014).

All verdas språk

6. april 1652 går Jan van Riebeeck i land ved foten av Tafelberg i dagens Sør-Afrika, der Cape Town ligg no. Han er på reise for Verenigde Oostindische Compagnie (Det nederlandske austindiske handelskompaniet). Dette blir grunnlaget for ein koloni av nederlendarar i området og utgangspunktet for språket afrikaans.

Etter fleire forsøk får britiske styresmakter kontroll over Cape Town i 1806. Den første organiserte britiske innvandringa tek til i 1820, og alt i 1822 prøver lord Charles Somerset å gjere engelsk til einespråk i området. Ein konflikt byggjer seg opp mellom busetjingane av afrikaans-talande inne i landet som på afrikaans kallar seg boarar, og det britiske kolonistyret. Boarane legg aukande vekt på språket sitt og organiserer to Taalbewegings, språkrørsler, mellom 1879 og 1905.

Etter ein brutal krig 1899–1902 opprettar Storbritannia i 1910 Union of South Africa med Cape Town som hovudstad. I konstitusjonen blir det slått fast at «both the English and the Dutch languages shall be the official languages of the Union». Afrikanarane tek gradvis over, men tospråkspolitikken står ved lag, også i apartheidåra 1948–1993. Då blir apartheid det mest brukte og mislikte ordet frå afrikaans, som blir diskreditert gjennom koplinga til apartheid.

Republikken Sør-Afrika frå 1994 gir rom for til saman 11 jamstilte språk. I 1975 blir Die Afrikaanse Taalmuseum opna i Paarl. Der står også eit 57 meter høgt monument som markerer framveksten av afrikaans.
 
 

Sist oppdatert: 18.02.2019